Viktig satsing på tilsyns- og kontrollarbeid
Fiskeridirektoratet styrkjer tilsynet med akvakulturnæringa og søkjer i desse dagar etter fire nye medarbeidarar.
Vi treng:
- ein databaseutviklar, som kan lage og drifte ein tilsynsdatabase
- ein fagansvarleg for risikoanalyse
- ein fagansvarleg for inspeksjon, åstadgransking og bevissikring
- ein fagansvarleg for internkontrollrevisjon
– Målet vårt er å hindre at fisk rømer, og vi arbeider både førebyggjande og i etterkant av hendingar, seier Henrik Hareide ved kyst- og havbruksavdelinga.
Viktig arbeid
Akvakulturnæringa er viktig for sysselsettinga langs kysten og næringa skapar store eksportinntekter.
Tilsynsgruppa for akvakultur arbeider mellom anna med å kontrollerer og dokumentere teknologiske løysingar for oppdrettsanlegg. Dei føl også opp rutinane til dei ulike bedriftene i akvakulturnæringa.
Aukar innsatsen
Det er om lag 25 personar som arbeider med tilsyn og kontroll med akvakultur i Fiskeridirektoratet sine regionar. I Bergen er det i dag fire personar som har som oppgåve å styre og utvikle arbeidet med tilsyn og kontroll.
– Vi er svært glade for å få på plass dei fire nye stillingane. Det betyr at vi kan auke innsatsen med tilsynsarbeidet. Med fire nye tilsette vil vi få ein viktig auka både i kompetanse og kapasitet, meiner Hareide.
Styrka med 10 millionar
Bevillinga til akvakulturtilsyn er styrka med 10 millionar kroner i 2010. Desse midlane er øyremerkt tilsyn og kontrolloppgåver og har finansiert sju ny stillingar i regionane, og skal også finansiere dei fire nye stillingane i Fiskeridirektoratet sentralt.
