Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Tilrår øvre grense for tal på fisk per merd


Tilrår øvre grense for tal på fisk per merd

For å avgrense risiko for store rømmingar tilrår Fiskeridirektoratet at det vert sett ei øvre grense for tal på fisk per merd, uavhengig av merdstørrelse. Grensa vert føreslege sett til 200 000 individ per eining.

Rømt oppdrettsfisk er eit miljøproblem som både næringa og forvaltinga legg mykje arbeid i for å nedkjempe.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Illustrasjonsfoto: © Eksportutvalget for fisk

Direktoratet meiner eit slikt tiltak ikkje vil gripe urimeleg inn i gjeldande driftsmønster, og det vil ikkje ha nokon innverknad på for dei som driv med små og middelsstore einingar. Dei aller fleste som driv med store og svært store merdar vil heller ikkje verte påverka av eit slikt tiltak.

Eit mindre tal oppdrettarar vil måtte gå til innkjøp av noko meir utstyr dersom tiltaket vert sett i verk. Direktoratet meiner tiltaket kan avgrense omfanget av potensielle store rømmingar, og at det også vil kunne vere gunstig for fiskevelferd og –helse.

Ein bør evaluere tiltaket etter ein periode på 3-5 år.

Fiskeridirektoratet har sendt dette forlaget ut på høyring, med svarfrist 01.10.2010.