Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Om lag 50 tonn laks på rømmen


Om lag 50 tonn laks på rømmen

Fiskeridirektoratet har motteke melding om rømming av slakteklar laks frå Viking Fjord AS sitt anlegg på Sunde i Sunnhordland.

Det er 9352 individ med ei gjennomsnittsvekt på 5,5 kilogram som har rømt. Fisken skal vere fri for sjukdom.

Gjenfangst sett i verk
Rømminga skjedde i samband med at ein held på å legge ut ny inntaksleidning og vart oppdaga umiddelbart. Opprettsselskapet har sett i verk eit betydeleg gjenfiske i nærleiken av anlegget.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Illustrasjonsfoto: © Eksportutvalet for fisk

– På grunn av at dette er den perioden på året då sjøaure og villaks er mest utsett, vil det ikkje verte opna for ålment fiske med garn. Men det er fritt fiske med stong i fjorden, seier seniorrådgjevar Atle Kambestad ved Fylkesmannen i Hordaland si miljøvernavdeling.

Opnar for kilenotfiske
I tillegg vert det løyve til å fiske etter oppdrettslaks med kilenot i Etnefjorden i regi av Havforskingsinstituttet og elveeigarlaget. Dette vert gjort for å verne fisken i Etneelva, seier Kambestad.

Kartlegg hendinga
– No er vi på staden og skal kartlegge årsak og omfang for hendinga, gå gjennom nødvendige papir og så skal vi ut og sjå anlegget, seier Marianne Hufthammer ved Fiskeridirektoratet region vest.