Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Opprydding langs kysten


Opprydding langs kysten

Førre veke fortalde vi om oppryddingsarbeidet med å fjerne skjelanlegg i Nordland. No ser vi nærare på situasjonen langs resten av kysten.

Region Finnmark
Finnmark har brukt dei tildelte midlane til å rydde to anlegg. Totalt er det ti skjelanlegg utan eigar i Finnmark. Vi har altså brukt opp dei midlane som var til disposisjon, og har framleis åtte anlegg igjen, seier regiondirektør Hermod Larsen.

Treng meir midlar
Finnmark har ei ordning der Kystverket stiller beredskapsfartøyet «Beta» til disposisjon mot at Fiskeridirektoratet betalar transport og deponeringskostnadene. Dette viste seg å bli dyrare enn å leige inn ein privat aktør på grunn av våtvekta på tauverk/skjelsamlarar og høg kilopris på deponering.

– Vi valde difor selskapet «Boral offshore» som rett før og etter jul fjerna dei mest kritiske anlegga og eit av dei største, fortel Larsen.

Opprydding av blåskjelanlegg. (Foto: © Fiskeridirektoratet)
Blåskjelkultur overgrodd av skjel, sjøpølser og anna biologisk materiale. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Region Finnmark venter straks rapport frå selskapet med bilete frå dei to tokta og anbod på dei resterande anlegga i Finnmark. Då vil ein ha god oversikt over kor mykje midlar som trengs for å sluttføre oppryddinga.

– For å kunne gjennomføre opprydding av skjelanlegga på finnmarkskysten treng vi definitivt meir pengar, avsluttar Larsen.

Region Troms
Region Troms har nytta fartøyet «Meridian» til oppryddingsarbeidet. I Troms er det rydda tre anlegg; to i Balsfjord og eit i Skjervøy.

– I Balsfjord føretok vi oppryddinga like før jul. Vi samla inn ganske store mengder reiskapar og tauverk, spesielt frå den eine lokaliteten i Balsfjord. På den andre lokaliteten i ytre del av Balsfjord fekk vi ikkje gjort alt vi skulle på grunn av mørke og dårlig sikt, men denne skal vi no gå tilbake til og etterrydde, fortel seksjonssjef Ernst K. Bolle.

Grove funn
I Skjervøy føretok region Troms opprydding av eit skjelanlegg der eigaren hadde kutta blåsene og lete resten av tauverk og samlarar gå til botn. Her vart heile anlegget med fortøyingsanker og tråldører samla opp, noko som utgjorde ei ganske stor mengde gods.

Region Troms har per dato ikkje rapportar om anlegg som ligg ute og som ikkje er i drift eller som er utan eigar.

– Totalt fikk vi tildelt 150 000 kroner. Vi fekk leigd inn fartøyet for å gjere jobben for 115 000 kroner. Det kan vere at resten av midlane kan brukast på gjenståande anlegg som enno ikkje er innrapporterte, seier Bolle.

Region Trøndelag
Region Trøndelag melde inn to problemanlegg i desember 2009. Det eine anlegget som vart meldt inn er no rydda opp utan hjelp frå Fiskeridirektoratet. Dette anlegget låg i Frøya.

– Det ser likevel ut til at vi no har to problemanlegg frå same eigar. Firmaet er konkurs, og konkursbu vart oppretta i juni 2009. Det er snakk om to lokalitetar i Roan og Osen kommune, fortel Lill-Connie Furu.

Opprydding av blåskjelanlegg. (Foto: © Fiskeridirektoratet)
Havarerte skjelanlegg og anlegg uten eigar vert rydda i aksjonar kysten rundt. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Fiskeridirektoratet kan ikkje utan vidare starte med opprydding av anlegga. Før ein går i gang med tiltak på staten si rekning må ein forsikre seg om at det ikkje finns midlar i buet.

Fare for fiske og ferdsle
Restar av anlegget i Roan ligg til sjenanse og fare for ferdsle og fiske. Det ser ikkje ut til at det er midlar til opprydding i buet. Fiskeridirektoratet reknar med at det er trong for opprydding også på den andre lokaliteten. Løyvet på denne lokaliteten vart trekt tilbake om lag eit halvt år sidan, og eigarplikta til opprydding er difor gått ut.

Avhengige av eldsjeler
Vi er avhengige av lokale eldsjeler for å få gjort oppryddingsjobbane. Fiskarar og dykkarar er klare til å setje i gang i Roan. I Osen kjem eg til å høyre med eit oppdrettsfirma om dei kan ta jobben for ei lita godtgjering. Eg reknar med at dei 50.000 vi fekk tildelt i 2009 kan brukast utover i 2010, seier Furu.

Region Sør
– På slutten av 2009 fekk Region Sør midlar til å fjerne eit av til saman 12 skjelanlegg utan eigar. Oppryddingsarbeidet er stadig blitt utsett på grunn av nedising, kulde og vindretning i området. Arbeidet startar så snart ver og vind tillet det, seier regiondirektør Erik Ludvigsen.

Mykje oppryddingsarbeid står att, og det gjennomgåande problemet i alle regionane er at det trengs meir midlar for å få rydda opp alle skjelanlegg som er havarerte eller forlate langs kysten.