Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Smoltoffensiven 2007


Smoltoffensiven 2007

Fokus på risikofaktorar ved smoltanlegg kan gje stor gevinst med omsyn til rømming, viser ein rapport frå Fiskeridirektoratet.

Landbasert oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Arbeidsgruppa peikar på og illustrerer klare risikopunkt og kjem også med eit sett av framlegg til endringar i regelverket og til betring av prosedyrar. (Illustrasjonssfoto: © Eksportutvalget for fisk)

Vi legg i dag ut ein rapport frå arbeidsgruppa som har arbeidd med smoltoffensiven. På grunnlag av arbeidet med kartlegging av risiko kjem gruppa med framlegg til endringar i regelverk og forbetringar i rutinar med meir.

Bakgrunn for smoltoffensiven
Smoltoffensiven kom i stand mellom anna fordi ein hadde mistanke om at det «lek» ein del frå smoltanlegg. På oppdrag frå fiskeridirektøren gjorde Rådgjevande biologar ei undersøking der dei tok skjelprøver av fisk tekne i den ordinære fangstsesongen i vassdrag i Hordaland og Sogn og Fjordane. I slutten av 2006 låg det føre ein rapport frå Rådgjevande biologar, som viste at det var ein uroande høg del fisk som var rømt som smolt eller som postsmolt.

– Rømmingsstatistikken viser at det er få settefiskanlegg som har meldt om rømming, samstundes som vi såg fleire tilfeller av rømming i samband med transport og overføring av smolt. Så i 2007 sette vi i gong med ein smoltoffensiv, seier leiar i arbeidsgruppa, Anne Osland.

Fleire risikofasar
Arbeidsgruppa sitt mandat dekkjer ein brei tidsakse og inneber å kartleggje risiko og peike på utfordringar i høve til fem fasar:

  • sjølve smoltanlegget
  • overføring av smolt frå smoltanlegg til transportmiddel (brønnbåt eller liknande)
  • transport
  • overføring frå båt til merd
  • første månad i sjø

Arbeidsgruppa har kartlagt og drøfta risiko og gjennomført ei mengde heilskaplege kontrollar som dekkjer alle desse fasane.

Vil endre regelverket
– Arbeidet har munna ut i ein rapport, der ein ut i frå same inndeling som fasane viser, peikar på og illustrerer klare risikopunkt med basis i gjennomførte kontrollar og annan type erfaring som regionane har på smolt og rømming. Vi har også kome med eit sett av framlegg til endringar i regelverket og til betring av anlegg og rutinar for å sikre mot lekkasjar og redusere faren for rømming, seier Osland.

Osland presiserer at det er oppdrettarane sjølve som er ekspertar på eigen anlegg og som best kan gjere tiltak for å sikre både anlegg og driftsoperasjonar.

Mange anlegg er frå 80-talet
– Vi er overtydde om at det er viktig å ha fokus på smoltanlegga i åra framover. Det er mange eldre anlegg, gjerne frå 80-talet, som fleire gonger er utvida, forbetra og flikka på. Avløpssystemet er til dømes gjerne støypt eller grave ned i grunnen og utgjer oftast den eldste delen av anlegget, noko som gjer det vanskeleg å sikre. Her er det eit stort forbetringspotensiale, meier Osland.

Også settefisk- /smoltanlegg er omfatta av IK-akva-regelverket. I samsvar med akvakulturdriftsføresegna pliktar dei dessutan å ha gjort risikokartlegging og ha ein oppdatert beredskapsplan. I samband med «Visjon nullflukt» kom også krav om dobbeltsikring i settefiskanlegg som eit av tre hurtigverkande tiltak.

Ynskjer standard for settefiskanlegg
– I Noreg er det om lag 220 slike anlegg og like mange løysingar. Prinsippa er dei same, men vi ser lokale tilpassingar. Det er ingen standard for settefiskanlegg og heller ikkje for hovudkomponentane i slike anlegg; kar, rør, pumper, vasshandsamingssystem med meir. Det arbeidsgruppa har gjort, funne og er opptekne av er risikopunkt som er viktige å sette fokus på, seier Osland.

Arbeidsgruppa er:

  • Anne Osland (leiar og sekretær), Kyst- og havbruksavdelinga
  • Frode Hovland, Region Vest
  • Ruth Kjempenes, Region Trøndelag
  • Frode Mikalsen, Region Troms
  • Roger Sørensen, Region Nordland