Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Områdetilråding for nye oppdrettstløyve


Områdetilråding for nye oppdrettstløyve

Ein rapport frå Fiskeridirektoratet konkluderer med at ein del område er mindre eigna for auka oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Illustrasjonsfoto: © Eksportutvalget for fisk

Rapporten gjev ei faktabasert risikovurdering over område som, ut frå ei heilskapleg vurdering med utgangspunkt i blant anna berekraft og fiskehelse, er å sjå på som mindre aktuelle for auka oppdrettsverksemd av laks, aure og regnbogeaure.

Fiskeridirektoratet meiner desse områda er mindre eigna for auke av oppdrett av laks, aure og regnbogeaure:

  • Skagerrakkysten ut frå ei vurdering av dei temperaturmessige tilhøva.
  • Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal til Hustadvika ut frå situasjonen knytt til sjukdomen Pancreas disease (PD) og strategien for å kjempe mot denne sjukdomen.
  • I Møre og Romsdal nord for Hustadvika bør eventuelle nytildelingar sjåast i høve til arbeidet med å oppnå ein meir sjukdomsrobust lokalitetsstruktur.
  • I Nordland er det marginalt potensiale for etablering av nye lokalitetar.

Kontaktperson:
Jens Christian Holm, 416 49 170