Ny tiltakspakke mot rømming
Redusert rømming krev systematiske tiltak på brei front. Fiskeridirektøren vedtok før jul ei ny tiltakspakke mot rømming – ein oppdatert «Visjon NULLFLUKT» for perioden 2008-2009. Tiltakspakken består av 11 delar med til saman 54 tiltak.
– Det er spesielt hyggeleg å kunne legge fram den nye planen samtidig som vi kan konstatere at dei innrapporterte rømmingstala låg betydeleg lågare i 2007 enn året før. Samtidig er det ei erkjenning at det krevjast systematiske tiltak på brei front dersom vi skal klare å presse rømmingstala og effektane av rømt fisk vidare ned, seier fiskeridirektør Peter Gullestad.
Krev innsats frå alle
Fiskeridirektøren understrekar at arbeidet mot rømt oppdrettsfisk krev innsats blant anna frå oppdrettarar, leverandørar og forvaltinga. «Visjon NULLFLUKT» er direktoratet si synleggjering av sin del av denne fellesinnsatsen.
– Samtidig vil eg få takke for alle konstruktive innspel og den innsatsen som mange både i og utanfor næringa har gjort for å få bukt med dette problemet. Det er mitt håp at god teknisk standard og forsvarleg drift i næringa, saman med effektive avbøtande tiltak der dette er naudsynt, skal bidra til å sikre livskraftige laksebestandar for framtida, seier Gullestad.
Nye metodar og verkty
Den førre tiltaksplanen for 2006-2007 har gjeve arbeidet mot rømt oppdrettsfisk eit viktig løft. Det er gjennomført endringar i regelverket, og det vert arbeidd med nye endringar som skal spesifisere og heimle nye hensiktsmessige tiltak. Det er utvikla nye forvaltingsverkty, blant anna har ein DNA-basert metode blitt brukt til å spore ei ukjent rømming tilbake til kjelda.
Kontrollarbeidet er endra og gjort risikobasert. Det er utvikla eit betre samarbeid med politi og påtalestyresmakt støtta av Økokrim. Rømmingskommisjonen for akvakultur (RKA) er etablert og i fullt arbeid. Dei tiltaka i den førre planen som ikkje er fullført er stort sett vidareført i den nye versjonen.
– Fiskeridirektoratet er på sett og vis blitt eit miljødirektoratet i takt med sine utfordringar. Utvikling av bærekraftige akvakultur- og fiskerinæringar har fått topp prioritet. I dag er kampen mot rømt oppdrettsfisk saman med innsatsen mot tjuvfiske blitt direktoratet sine viktigaste fanesaker. Fiskeridirektoratet sitt arbeid med dette er den beste næringsutvikling, det er slik forvaltinga kan bidra til trygge og varige rammevilkår, avsluttar Gullestad.
