Minka rømming viser ikkje att i elvane
Undersøkingar som Norsk Institutt for naturforsking (NINA) har gjort for Fiskeridirektoratet viser at innslaget av rømt oppdrettslaks i elvane like før gyting låg på 13-15 % hausten 2007. Dette er på same nivå eller ein svak nedgang i høve til tal for fjoråret.
Må under 10 %
– For åra 1989 til 1998 gjekk innslaget av rømt oppdrettslaks i elvane ned frå 35 til 22 %. Innslaget har sidan 1999 lege på mellom 10 og 18 %.
Målet må vere at næringa sine tiltak for perioden 2009 og utover gjev effektar godt under 10 %, seier direktør Jens Christian Holm ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
– Tala frå NINA viser at det ligg over 20 % innslag av laks rømt frå oppdrett i enkelte elvar. Det bør vere eit mål for oppdrettarane at vi så raskt som mogeleg unngår slike tilstander, seier Holm.
