Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Åtvarar mot oppdrettsoverskridingar hausthalvåret 2008


Åtvarar mot oppdrettsoverskridingar hausthalvåret 2008

Fiskeridirektoratet åtvarar no oppdrettarar som har auka utsett av smolt om at dei risikerer å overskride grensene for maksimal tillaten biomasse (MTB). Slike overskridingar er lovbrot.

Oppdrettarar som bryt grensa risikerer å bli bøtelagt for brot på lova i ein størrelsesorden som gjer slike overskridingar klart ulønsame.

Kan gje ulovleg høg produksjon
Ut frå innrapporteringane av smoltutsett for fjoråret har Fiskeridirektoratet gjort vurderingar på kor stor den ståande biomassen vert i norske lakse- og regnbogeaureanlegg. Det er vekst-, dødelegheits- og slaktemønster frå førre årsklasse som er lagt til grunn for biomasseprognosen.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Utan utslakting av fisk med mindre storleik enn i fjor risikerar oppdrettarane ulovleg høg produksjon. (Foto: © Eksportutvalget for fisk)

– Det er i første rekkje oppdrettarane i Trøndelag, Nordland og Troms som har eit smoltutsett som vil kunne gje ein ulovleg høg produksjon dersom ikkje fisken vert slakta ut på ein mindre storleik enn i fjor (sjå tabell). Men også enkelte områder på Vestlandet, i første rekkje Hordaland, vil stå i fare for å overskride løyva.

Men her er prognosen langt meir usikker, først og fremst ut frå den alvorlege sjukdomssituasjonen (PD, Pancreas Disease) som gjev høgare dødelegheit og produksjonstap, seier direktør Jens Christian Holm ved Kyst- og havbruksavdelinga.

Region Auke i smoltutsett
2006-2007
Prognose 2008 auka årsmiddel biomasse (tn) Prognose 2008 årsmiddel
biomasse (tn)
Tillaten kapasitet 2008 (tn) Prognose generell utnytting Rang
Finnmark 53,36 % 11 757 33 790 75 610 44,70 %  
Troms 44,71 % 22 547 72 974 80 065 91,14 % 3
Nordland 34,25 % 28 338 111 082 120 220 92,40 % 2
Trøndelag 12,83 % 12 668 111 440 118 800 93,80 % 1
Møre og Romsdal - 9,77 % - 6 331 58 487 85 238 68,61 %  
Vest 10,75 % 14 271 146 982 195 936 75,02 % 4
Sør 12,82 % 5 270 46 387 66 110 70,16 %  
Sum 15,69 % 77 274 569 896 741 979 76,86 %  

Vil følgje nøye med
– Du skal være ein flink oppdrettar dersom du klarar å utnytte løyvet ditt 75 % i snitt gjennom året. Ligg du på rundt 90 % antatt utnytting i snitt for heile året, så er det dessverre rimeleg truleg at du kjem over den tillatne grensa på 100 % i enkelte månader. Risikoen for at tillaten lokalitetskapasitet vert overskriden kan variere noko, men vil i hovudtrekk følgje det same mønsteret.

– Oppdrettarane som har sett ut meir smolt i fjor enn i forfjor, og berre så vidt halde seg under maksimal tillaten biomasse med førre årsklasse, må no korrigere kursen, seier Holm.

– Det er oppdrettar sitt ansvar å halde seg under dei lovbestemte grensene. Vårsmoltutsettet i fjor er i enkelte fylke i sum betydelig større enn førre utsett, og vi ser også enkeltaktørar som har eit betydelig meirutsett. Vi kjem til å følgje desse nøye, og kjem til å reagere dersom tillatne grenser vert overskridne. Og for dei som trudde det – det er ikkje berre oppdrettar sine sjølvmeldingar i form av innrapporterte biomassetal som vi bruker for å oppdage overskridingar, seier Holm.

Skal sikre miljøomsyn og rettvis konkurranse
– Det er både overskridinga av dei løyva som eit selskap innehar, og i høve til lokalitetane sine avgrensingar, som vi no åtvarar mot, seier Holm.

– For å drive oppdrett må du ha både det generelle løyvet til å drive oppdrett av den aktuelle art, saman med ein eller fleire lokalitetsløyve. Sistnemnde består av fleire særlovløyve der viktige omsyn er sikra, blant anna i høve til omkringliggjande miljø, fiske- og folkehelse. Det ligg føre ei konkret vurdering av kor stor lokaliteten kan vere, og det er viktig at fastsette grenser vert respekterte, understrekar Holm.

Sjølve løyvet til oppdrett, som kan fordelast på ein eller fleire godkjente lokalitetar, er også avgrensa av kor mykje fisk som kan haldast til ei kvar tid. For laks, aure og regnbogeaure er også talet på slike løyve avgrensa, noko som har ein marknads- og miljømessig effekt.

Dersom dette vert overskride, vil lovbrytaren kunne få ein urettmessig økonomisk gevinst og konkurransefordel i høve til kollegaer som driv lovleg. Dette ynskjer ikkje samfunnet, og det er difor gebyret for brot på lova vert brukt.

Fakta

Smoltutsett og biomasse

Smoltutsettet for norske oppdrettarar auka noko meir enn 15 % frå 2006 til 2007. Direktoratet legg til grunn at ein oppdrettar normalt klarer å produsere 157 % av den gjennomsnittlege ståande biomassen gjennom året.

Denne årsmiddelen av biomasse kan i praksis ikkje ligge særleg høgare enn 75 % av maksimal tillaten biomasse (MTB) som er den storleiken som avgrensar løyvet. I 2007 var denne kapasitetsutnyttinga på 66,7 % av MTB. Ei utnyttingsgrad på 75 % i norsk oppdrett vil gje ein produksjon på rundt 875 000 tonn rund vekt.

Prognosen viser med gjevne føresetnader at oppdrettarane kjem opp i ein gjennomsnittleg årleg kapasitetsutnytting på om lag 77 % av biomassegrensa for løyvet (MTB). Av kvar utsett smolt vert det produsert 4 kilogram usløyd laks, dette er snittverdi for norsk oppdrett 2003-2007.