Saman om miljø i sør
Fiskeri- og havbruksinteresser i Rogaland er denne veka samla på eit seminar om oppdrett og miljø. Blant anna skal Havforskingsinstituttet presentere førebelse resultat om kva effekt fôrspill frå oppdrett har på sei.
Fiskeridirektoratet arrangerer seminaret på vegne av Sameksistensutvalet, og i samarbeid med Fiskarlaget Vest og Vestnorsk Havbrukslag.
– Både fiskeri- og havbruksnæringa ynskjer auka kompetanse og fokus rundt miljøspørsmål. Dei ynskjer også svar på korleis ei berekraftig utvikling for sjøområda kan sikrast for framtida. Eit av hovudføremåla med seminaret er at vi kjem fram til gode løysingar som fører utviklinga framover i konflikten mellom oppdrettar og fiskar, seier regiondirektør Siri Meling i Fiskeridirektoratet Region Sør.
På talarlista under seminaret står mellom anna representantar frå Marine Harvest, Skretting, Mattilsynet, og Noregs Fiskarlag.
