Overføring av løyver i samband med fusjon
Korleis kan det overtakande selskap oppnå rett til å drive akvakultur i medhald av løyver registrert på det overdragande selskap?
Fiskeridirektoratet får stadig opplysningar om fusjonar der det overtakande selskap driv akvakultur utan at dei aktuelle løyver frå det overdragande selskap har blitt tinglyst overført. Slik drift er ulovleg, då det føl av lov 17. juni nummer 79 om akvakultur, § 4 andre ledd:
«Ingen kan drive akvakultur uten å være registrert som innehaver av akvakulturtillatelse i akvakulturregisteret, jf. § 18 første ledd.»
– Registreringa er eit formkrav, og dette vilkåret må vera innfridd for at akvakultur skal kunne drivast lovleg. Årsaka til dette er at løyve til akvakultur kan overførast mellom private utan godkjenning frå Fiskerimyndigheitene. Registreringa i Akvakulturregisteret utgjer dermed eit viktig utgangspunkt for oversikt over kven som til ei kvar tid innehar rettar og plikter tildelt ved løyver til akvakultur, fortel Marion Stamnes ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Ikkje automatisk overført til Akvakulturregisteret
Registrering av fusjon i Føretaksregisteret medfører ikkje at registrering av overføring automatisk blir tinglyst i Akvakulturregisteret i medhald av A-registerforskrifta § 9.
– For at slik tinglysing faktisk skal utførast, må skjema for overføring av akvakulturtillatelse fyllast ut og sendast til Akvakulturregisteret i Brønnøysund. Det er dermed Akvakulturregisteret i Brønnøysund som må kontaktast av den som ynskjer å få gjennomført overføringar av løyver. Hugs å melde frå om at overføringa inngår som ledd i gjennomføring av fusjon, då dette fører til gebyrfritak, seier Stamnes.
Drift av eit løyve i regi av andre enn den som står registrert som innehavar i Akvakulturregisteret er ulovleg, og vil kunne føre til ilegging av reaksjonar etter reaksjonsforskrifta.
