Oppretter gjenfangstgruppe i Hordaland
Fleire oppdrettsselskap på Vestlandet opprettar no ei gjenfangstgruppe for rømt oppdrettsfisk i Hordaland. Næringa ynskjer med dette å bidra til eit betre og meir effektivt gjenfangstfiske dersom uhell skulle forekome i framtida.
Det er oppdrettsselskapa Sjøtroll Havbruk AS, Veststar AS, Kobbevik & Furuholmen AS, Bremnes Seashore AS og Alsaker Fjordbruk AS som står bak tiltaket.
Garn og fiskarar
Gjenfangstgruppa har kjøpt inn garn tilsvarande 13,5 km, og knytta til seg dei beste kystfiskarane i fylket. Fiskarane som er med i avtala vert betalt ein fast døgnpris, og i tillegg står dei fritt til å omsette fisken dei fangar. Garna vert lagra på tre sentrale lager i fylket. Førebels er det gjort avtalar med sju kystfiskarar, spreidd over heile fylket. Samtlege fiskarar har erfaring i gjenfangst av rømt oppdrettsfisk.
I løpet av våren vil gjenfangstgruppa knytte til seg ytterlegare tre fiskarar. Desse vil bli valt ut etter kvar i fylket størsteparten av medlemmane høyrer til.
Det er hittil tilknytta over 80 konsesjonar for oppdrett av laks og regnbogeaure. Arbeidet til gjenfangstgruppa vart presentert for medlemsbedriftene i Hardanger Fiskehelsenettverk for to veker sidan, og med bakgrunn i positive tilbakemeldingar det er forventa at mange av desse vil knytte seg til gjenfangstgruppa. Målet er at samtlege selskap i Hordaland signerer avtala for gjenfangst.
