Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Miljøpris til Osland Havbruk AS


Miljøpris til Osland Havbruk AS

Osland Havbruk AS er den første vinnaren av Fiskeridirektoratet sin Miljøpris. – Vi er glade og stolte over å få ein slik miljøpris, og at arbeidet vi gjer vert lagt merke til, seier dagleg leiar Erik Osland i Osland Havbruk AS.

Erik Osland i Osland Havbruk AS får tildelt Miljøprisen 2007.. Foto: © Fiskeridirektoratet
Frå venstre: fiskeri- og kystminister Helga Pederesen, fiskeridirektør Peter Gullestad og miljøprisvinnar Erik Osland. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

– Denne Miljøprisen er viktig for fisk, miljø, marknad og alle tilsette i Osland Havbruk. Prisen vil gje oss inspirasjon til å arbeide vidare for å fremje god miljøprofil i vår bedrift, seier Osland.

Årets vinnar har mellom anna utmerka seg med eit gjennomtenkt internkontrollsystem.

– Osland Havbruk er ikkje ein stor verksemd, men likevel har dei teke i bruk eit godt og gjennomarbeidd IK-system. Dette er eit system som dei tilsette har eit eigarskap til nettopp fordi dei sjølve aktivt har medverka til utviklinga av det. Og då er sjølvsagt også sjansen stor for at det faktisk vert brukt og ikkje støvar ned i ei hylle på kontoret, sa fiskeridirektør Peter Gullestad i sin tale til vinnaren.

Mål om null rømming
– Årets vinnar har levert fleire rømmingsrapportar til Fiskeridirektoratet. I seg sjølv knapt noko kvalifiseringskrav til ein miljøpris. Likevel, i oversikta for 2006 står dei oppført med ein rapport for ei rømming på to fisk. Det fortel noko. Det fortel at rømming skal rapporterast og at her ikkje er noko slingringsmonn. Verksemda har null rømming som eit av fem overordna mål. Verksemda er ein aktiv deltakar i «HAVdyrkerne», som er eit regionalt samarbeidsnettverk for mindre oppdrettsverksemder på Vestlandet, fortel Gullestad.

For første gong
Fiskeridirektoratet sin miljøpris er ny i år. Direktoratet ynskjer å dele den ut kvart år framover.

Daglig leder Erik Osland i Osland Havbruk AS og fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.. Foto: © Fiskeridirektoratet
Fiskeridirektoratet sin miljøpris går til innsats som har ført til eller kan gje auka miljøgevinst. Årets pris vart tildelt Osland Havbruk. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

I statuttane for prisen står det:
«Fiskeridirektoratet sin miljøpris skal premiere miljøinnsats i fiskeri- og akvakultursektoren. Fiskeridirektoratet ynskjer med denne prisen å stimulere enkeltpersonar, verksemder og organisasjonar som tek større miljøansvar og som dermed medverkar til auka berekraft i næringa. Fiskeridirektoratet sin miljøpris går til innsats som har ført til eller kan gje auka miljøgevinst».

– Fiskeridirektoratet har oppretta denne prisen for å bidra til å styrke og byggje opp under fiskeri- og havbruksnæringa sitt arbeid med å møte dei mange og stadig meir krevjande miljøutfordringane som desse to viktige næringane står overfor. Vi snakkar om næringar som baserer seg på fornybare ressursar som både må forvaltast og utnyttast berekraftig, og som står og fell med eit kvalitativt vassmiljø og produkt som er frie for forureining av noko slag, sa Gullestad i sin tale.