Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Havbeiteløyve vert tildelt for andre gong


Havbeiteløyve vert tildelt for andre gong

Fiskeridirektoratet lyser no ut andre tildelingsrunde for havbeiteløyve i Noreg. Det kan tildelast eitt løyve til havbeite av hummar og eitt løyve til havbeite med stort kamskjel i fem regionar.

Kva er havbeite?
Havbeiteløyve er ein rett til utsetting og gjenfangst av marine artar, som for eksempel hummar og stort kamskjel. Eit slikt løyve er ein eksklusiv rett til fangst av den aktuelle arten innanfor det området ein er tildelt, også kalla «lokaliteten». Utanfor lokaliteten har ikkje innehavar av løyve eksklusive rettar til gjenfangst.

Avgrensingar
Det vert ikkje gjeve løyve til havbeite nord for Vestfjorden og det vert ikkje gjeve løyve til havbeite med stort kamskjel i området frå og med Eigersund kommune til grensa mot Sverige.

Det skal berre gjevast løyve til utsetting av stadeigne dyr.

Grundig sakshandsaming
Ei rekkje instansar vil vurdere søknaden om konsesjon før søknaden vert stetta. Denne prosessen er nokså parallell til den prosessen som skjer ved tildelinga av akvakulturløyve

Det er Fiskeridirektoratet sine regionkontor som vil stå for fordelinga av løyva og kvar region kan tildele eitt løyve på kvar art.

Løyve kan gjevast i følgjande av Fiskeridirektoratet sine regionar: Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Region Vest og Region Sør.

Søknader som skal handsamast må vere hjå Fiskeridirektoratet sitt regionkontor innan 15. mars 2007.

Kontaktpersonar:
seksjonssjef Anne-Karin Natås, telefon: 55 23 81 90
seniorrådgjevar Britt Leikvoll, telefon: 55 23 81 88