Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Giftige alger fører til fiskedød i Ryfylke


Giftige alger fører til fiskedød i Ryfylke

I løpet av sist helg har om lag 20 tonn laks dødd som ei fylgje av algebløming innerst i Ryfylkebassenget. Det er snakk om den giftige algen Prymnesium parvum som er ein vanleg alge i våre farvatn.

Førebels er det meldt om fiskedød i tre lokalitetar. Det er ikkje meldt om dødelegheit dei to siste dagane. I konsentrasjonar på over 500.000 celler per liter vil fisk kunne dø som ei fylgje av kontakt med Prymnesium parvum. Vassprøver frå Ryfylke dei siste dagane har vist konsentrasjonar opp mot ca. 800.000 celler per liter.

Fiskeridirektoratet har varsla alle oppdrettarar i området og NIVA (Norsk Institutt for Vannforskning) tar prøver på ulike stasjonar. Fiskeridirektoratet vil vurdere behovet for ytterlegare tiltak dersom situasjonen skulle tilseie det.

For nærare opplysningar:
Beredskapssjef Ragnar Sandbæk, 55 23 81 30 – 958 65 440
Informasjonssjef Olav Lekve, 55 23 80 76 – 958 33 470