«Trøndelagsmodellen» – ein forvaltingssuksess
Kraftig reduksjon i sakshandsamingstid er mellom resultata av prøveprosjektet «Ny forvaltingsmodell» - også kalla «Trøndelagsmodellen».
– Med dei erfaringane som er gjort bør prosjektet utvidast både i tid og område, seier fiskeridirektør Peter Gullestad.
Frå 20 månader til fem veker
Sidan prosjektet starta 1. januar 2002, har ein sett ein vesentleg nedgang i sakshandsamingstid i oppdrettssaker i Trøndelag; frå over 20 månader til fem veker. Prosjektet skal avsluttast ved nyttår.
Må vidareførast
– Eg er spent på kva som skjer, og tykkjer det er trist om dei fantastisk positive erfaringane vi har hausta av prosjektet ikkje fører til noko meir, seier Gullestad.
Godt nøgde
Evalueringa så langt viser at brukarane er godt nøgde. Dei møter ei meir einskapleg og effektiv forvalting. Sakshandsamarane er også godt nøgde med den nye modellen. Dei opplever at det er betre overføring av kunnskap mellom sakshandsamarane, og kjenner seg tilfredse med å kunne utføre jobben raskare enn før.
Enklare sakshandsaming
Ein lokalitetssøknad vert handsama av minimum fem ulike offentlege instansar. Dette kan medføre lang sakshandsamingstid, manglande samordning, usemje mellom dei ulike instansane og auka kostnader.
I Trøndelag er det annleis; Fiskeridirektoratet region Trøndelag har fått delegert vedtakskompetanse frå Kystverket, Mattilsynet og fylkesmannen, og tek seg av sakshandsaminga i samband med søknader om oppdrett.
I kompliserte saker er framleis dei ulike sektoretatane involverte, til dømes miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen.
Stikkprøver på vedtak
Det er føreteke stikkprøver for å sikre at vedtaka held same kvalitet som før. Fylkesmannen i Møre og Romsdal handsama 23 saker etter forureiningslova, utan å kjenne til Fiskeridirektoratet region Trøndelag sine konklusjonar. I 19 av 23 saker var det semje.
Ulik praksis
Dei fire andre vart så oversendt fylkesmennene i Nord- og Sør-Trøndelag for ei sjølvstendig vurdering. Så langt ser det ut til at fylkesmennene i Trøndelag kjem til same konklusjon som Fiskeridirektoratet region Trøndelag i desse sakene. Ein kan såleis fastslå at kvaliteten på vedtak som er fatta av Fiskeridirektoratet region Trøndelag ligg på eit fagleg godt nivå. At det er usemje i nokre få saker kan skuldast ulik utøving av skjønn og ulik praksis frå fylke til fylke.
