Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Rømd laks på Florøvika i Sogn og Fjordane


Rømd laks på Florøvika i Sogn og Fjordane

Fiskeridirektoratet Region Vest mottok melding om rømd laks frå en slaktemerd i Florø i går 27.11.2006. Antal rømd laks er 14.200, har ei snittvekt på om lag 4,75 kg og har god helsestatus.

Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane uttrykker bekymring over at det igjen er rømd fisk frå en slaktemerd i Florø. Eier av denne merden er «Slakteriet AS».

Rømminga er den største rømminga av laksefisk i Sogn og Fjordane sidan 2002.

Fisken er observert i stort antal i indre hamnebasseng i Florø. Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen er oppteken av å avgrense skaden av rømminga, og oppmodar med dette yrkes- og fritidsfiskarar i området til å vere med å fiske opp den rømde laksen.

Det vert ikkje organisert noko ekstraordinær oppfisking utover oppmoding om å fiske innanfor gjeldande reglar. Vi minner om minsteavstanden til lakse- og sjøaurevassdrag på 100 meter, og at det ikkje er tillate å fiske nærmare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg. Det er ynskjeleg at fangstar frå denne rømminga blir meld til Fylkesmannen.

Kontaktpersonar:                   
Fiskeridirektoratet Region Vest:
Rådgjevar Frode Hovland, tlf. 57 75 73 60

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:
Fiskeforvaltar Eyvin Sølsnæs, tlf. 57 65 51 51