Iverkset tiltak mot rømming
I mai set Fiskeridirektoratet i verk ein kontrolloffensiv mot rømming av oppdrettsfisk. Bakgrunnen er dei høge årlege rømmingstala.
I løpet av offensiven blir 60 lokalitetar for laks, aure og regnbogeaure og 15 lokalitetar for torsk kontrollerte. Kontrollane vert ikkje varsla på førehand og kjem i tillegg til IK-Akvakulturrevisjon og umelde tekniske kontrollar.
– Installasjonar vert kontrollert etter NYTEK-føresegna og NS 9415 (krav til teknisk standard) fordi havari og anleggssvikt er viktige årsaker til rømming. Installasjonane skal vere i forsvarleg teknisk stand og det skal utførast forsvarleg vedlikehald på anlegga, seier Kari Hesjedal ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Det er NYTEK-føresegna som ligg til grunn for kontrollen. Det vil mellom anna bli sjekka om anlegga har dugleiksbevis. Dersom ein finn brot på NYTEK-føresegna vil det bli aktuelt å gje dagbøter om den ansvarlege ikkje rettar opp det som er påpeika innan fastsett frist.
Risiko og konsekvens
Utveljing skjer på bakgrunn av ei risikovurdering, der ein ser på risikoen for og konsekvensen av regelbrot. Ein freistar å kalkulere risikoen for at eit anlegg bryt regelverket og kor stor konsekvens det kan bli av eit eventuelt regelbrot.
– Dei siste åra har mengda rømt fisk frå norske oppdrettsanlegg auka. Dette er ei utvikling vi ynskjer å stanse. Talet på rapporterte rømmingar går ned, men talet på rømt fisk auka fordi ein no har meir fisk i kvar merd, seier Hesjedal.
Nær 670 000 rømt hittil i år
Hittil i år er det registrert 470 763 rømte laks, aure og regnbogeaure og 199 133 rømte torsk og kveite. Rømming av laksefisk er ei av norsk akvakulturnærings største utfordringar. Fiskeridirektoratet meiner det trengs meir kunnskap om rømming.
– Det rømer i gjennomsnitt rundt 600 000 fisk frå norske oppdrettsannlegg kvart år. Kontrolloffensiven er eit av veldig mange tiltak mot rømming. I 2006 vil ein også gjennomføre andre kontrollar parallelt med denne offensiven, seier Hesjedal.
Mai-september
Mandag 8. mai møttest representantar frå Fiskeridirektoratet sentralt, regionkontora og frå «Munin» i Bergen for orientering om kontrolloffensiven mot rømming. Kontrolloffensiven er koordinert frå Fiskeridirektoratet sentralt.
Gjennomføringa er planlagt frå Fiskeridirektoratet i Bergen, medan regionkontora er ansvarlege for å gjennomføre kontrollane i sine regionar. Kontrolloffensiven vert gjennomført i perioden mai-september.
«Visjon Nullflukt»
Fiskeridirektoratet set no i verk ein omfattande tiltaksplan mot rømming av oppdrettsfisk som har fått namnet «Visjon nullflukt». Tiltaka skal gjennomførast over ein periode på to år.
Dei fem fokusområda i planen er:
- betre regelverk
- betre forvaltningsverktøy
- auka og betre innsats innan kontroll og beredskap
- betre kommunikasjon og samhandling med andre offentlege etatar
- betre kommunikasjon og samhandling med næringsaktørar
Spørsmål om «Kontrolloffensiven mot rømt oppdrettsfisk 2006» vert å rette til Kari Hesjedal på telefon 55 23 81 93 eller e-post: kari.hesjedal@fiskeridir.no
