Held fram med «Trøndelagsmodellen»
Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen sa før jul i fjor at «Trøndelagsmodellen» skal vidareførast i region Trøndelag inntil ein betre modell vert innført. No er delegasjonsvedtaka forlenga ut 2006.
Det er Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet som forlengar delegasjonsvedtaka. Dette skjer i samsvar med forureiningslova, matlova og hamne- og farvasslova. Det gjer at Fiskeridirektoratet region Trøndelag kan halde fram med prosjektet «Ny forvaltingsmodell» (også kalla «Trøndelagsmodellen»).
«Trøndelagsmodellen» har gjeve ei meir brukarvenleg forvalting og ein kraftig reduksjon i sakshandsamingstida, samstundes som ein har oppretthalde den faglege kvaliteten på vedtaka.
Viktig avklaring
– Fiskeridirektoratet region Trøndelag hadde 12-14 saker liggande før dette vart avklart. Dersom vi ikkje hadde fått ei avklaring no ville det gått utover brukarane med omsyn til driftsplanar og anna, seier Ingeborg Ratvik ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Trondheim.
Fylkesmennene har ikkje noko ynskje om å få tilbake sakshandsaming på søknader som høyrer inn under «Trøndelagsmodellen». Mattilsynet regionalt er positive til at «Trøndelagsmodellen» vert vidareført på permanent basis.
Har pressa på for vidareføring
– Det har vore press både frå brukarane og frå media for å få forlenga delegeringa. Trøndelag fiskeoppdrettslag tok opp saka med fiskeri- og kystministeren både i haust og i førre veke. Ein kan godt seie at det har vore press frå fleire hald for å få vidareført ordninga, fortel Ratvik.
I løpet av eit år vil dei nye føresegnene til forureiningslova tre i kraft. Desse føresegnene er sjølvberande. Dette inneber at om ein held seg innanfor dei vilkåra føresegna set, treng ein ikkje søkje styresmaktene om løyve, det er nok å melde frå. Forvaltinga endrar seg frå omfattande godkjenningsprosedyrar og til å bli ei tilsynsordning.
Sluttrapporten snart klar
– Sakshandsamarane våre er svært nøgde med å kunne arbeide med fag i staden for å purre andre etatar. No vert det arbeidd med å skrive ut vedtak, og sakshandsaming vert prioritert framfor andre oppgåver, seier Ratvik.
Fiskeridirektoratet region Trøndelag ynskjer å kunne samanlikne sitt arbeid med det som skjer i andre regionar også i år, og håpar at det vert sett av midlar til dette frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Sluttrapport med endeleg vurdering av prosjektet er no ute til siste gjennomlesing i styringsgruppa. Dei har frist til 1. februar for å kome med tilbakemeldingar. Vi reknar med at denne vil vere klar i løpet av eit par veker, seier Ratvik.
Rapporten vil bli gjort tilgjengeleg på Fiskeridirektoratet sine internettsider.
