Forlengar retningsliner for «put and take»
Dei mellombelse retningslinene for fiske i merd, innhegning eller anna avstengt område, såkalla «put and take», vert forlenga med eit år.
I samsvar med oppdrettslova, matlova og dyrevernlova, oppretta Mattilsynet og Fiskeridirektoratet sommaren 2005 mellombelse retningsliner for fiske i merd, innhegning eller anna avstengt område, «put and take». Desse retningslinene skulle etter planen evaluerast ved utgongen av 2005.
Skal gjelde eit år til
– Sidan det berre er gjeve eitt løyve til «put and take»-relatert verksemd for villfanga marine artar, i Finnmark, og desse fekk løyvet så seint at dei ikkje rakk å kome i drift, har Fiskeri- og kystdepartementet bestemt at dei mellombelse retningslinene skal gjelde i eit år til, seier Anne B. Osland ved Forvaltingsseksjonen på Kyst- og havbruksavdelinga.
Evaluering av retningslinene skal gjerast innan 1. desember 2006, og vil danne grunnlaget for fastsetjing av permanente reglar for slik verksemd. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet skal evaluere erfaringane med godkjenning og tilsyn etter desse retningslinene.
Rask sakshandsaming
– «Put and take», der ein kan fiske etter villfanga fisk i ei merd eller ein innhegning avstengt med not, vil ofte vere knytt til turistverksemd. Interessa for «Put and take»-relaterte konsept for villfanga marine artar har hittil i hovudsak framstått som eit nordnorsk fenomen. Det er tidlegare også gjeve eit par løyve til «put and take»-verksemder for laks med heimel i § 12 i oppdrettslova, seier Osland.
Fiskeri- og kystdepartementet understrekar at det er viktig å gje søkjarane ei rask sakshandsaming slik at ein best mogeleg kan utnytte den naturlege driftssesongen.
Det skal framleis ikkje betalast gebyr for handsaming av søknad om godkjenning for slik verksemd. Fiskeridirektoratet sine regionkontor har ansvar for koordinering av søknadshandsaminga.
