98 oppdrettslokalitetar manglar teknisk godkjenning
Førebelse tal som Fiskeridirektoratet har viser at 98 av 692 oppdrettslokalitetar for laks, aure og regnbogeaure framleis manglar nødvendig godkjenning for drift.
Slik godkjenning er anten dugleiksbevis eller produktsertifikat. Alle oppdrettslokalitetar skal ha klassifisering, og alle oppdrettsanlegg skal ha teknisk godkjenning. Ein lokalitet kan ha fleire anlegg.
Av dei 98 lokalitetane har 60 avtale om sertifisering med akkreditert sertifiseringsorgan eller inspeksjonsorgan og ventar på å få gjennomført godkjenning.
Offentleggjer fylkesvise tal
Dei 98 lokalitetane har ikkje levert opplysingar til Fiskeridirektoratet som viser om dei har nødvendig godkjenning av anlegg for drift. Fiskeridirektoratet går difor ut i frå at desse lokalitetane manglar slik godkjenning.
Fiskeridirektoratet offentleggjer tal som viser fylkesvis status for teknisk godkjenning av oppdrettslokalitetar for laks, aure og regnbogeaure. Tala tek utgangspunkt i aktive lokalitetar per desember 2005 og viser status per mai 2006.
Best i Agder
Rogaland er det fylket som kjem dårlegast ut når det gjeld teknisk godkjenning av anlegg på oppdrettslokalitetar. Seks av 49 lokalitetar har ikkje levert opplysingar om godkjenning til Fiskeridirektoratet. Ingen av desse har avtale om sertifisering. I Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har alle dei 11 lokalitetane som manglar teknisk godkjenning av anlegg avtale om sertifisering. Vest-Agder og Aust-Agder kjem best ut. Der har alle dei sju eksisterande oppdrettslokalitetane godkjenning.
Når det gjeld lokalitetar for marine artar startar Fiskeridirektoratet no kartlegging av kor mange anlegg som er i drift, og om desse anlegga har dei nødvendige papira i orden.
