Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / 25 000 laks rømt i Sør-Trøndelag


25 000 laks rømt i Sør-Trøndelag

Frå ein lokalitet tilhøyrande Marine Harvest Norway AS i Indre Skjervøy i Osen kommune er det meldt om rømming. Talet på rømt fisk er truleg om lag 25 000.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Illustrasjonsfoto: © Eksportutvalet for fisk

Fisken sin helsetilstand skal vere god, men fisken er nyleg blitt avlusa med Alfamax. For dette stoffet er det tilbakehaldstid. Mattilsynet gjekk difor ut med åtvaring i pressa om ikkje å ete fisk som vart fanga dei første dagane etter rømminga. 

Fiskeridirektoratet Region Trøndelag har føreteke synfaring av anlegget. Varsling av rømminga er sendt til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Mattilsynet v/Distriktskontoret for Fosen, Politiet og Fiskeridirektoratet i Bergen.

Kontaktperson:
Regiondirektør Alf Albrigtsen, tlf: 73 84 58 76 / 952 85 445