Vurderer ulike tiltak mot rømming
Dei siste åra har mengda av rømt fisk auka, det same har sjansen for at fisk rømer. Dette uroar Fiskeridirektoratet sterkt.
Rømming av laksefisk er ei av norsk akvakulturnæring sine største utfordringar. Fiskeridirektoratet meiner det trengst meir kunnskap om rømming og ei haldningsendring i heile næringa. Fiskeridirektoratet vil vurdere ulike tiltak mot rømming, som vart drøfta under dialogmøtet om rømming 14. desember.
Planen for møtet var å gjere opp status for korleis situasjonen er per i dag, sjå kva effekt dei tiltaka som er innførde har og å stake ut kursen vidare. Fiskeridirektør Peter Gullestad skisserte to hovudproblemstillingar:
- det at ein dei siste åra har fått færre, men større rømmingar
- rømming av smolt, der ein har dårlege tal å halde seg til
Årsaker til rømming
Havari, på grunn av teknisk svikt, er den viktigaste årsaka til rømming, men ved eit tilfelle i år var det sabotasje på anlegget som førte til at fisken rømde. Tidlegare år har ein også hatt tilfeller med påkøyrsle av anlegg. Sjølv om talet på rapporterte rømmingar går ned, så aukar talet på rømd fisk fordi ein no har meir fisk i kvar merd enn tidlegare.
Dette gjer det naudsynt å setje fokus på dei store einingane der ein kan ha så mykje som 1000 tonn fisk per merd. Ein lyt også avgjere om det trengst nye krav knytt til drift av store einingar.
Treng meir kunnskap
Gjenfangstfiske av oppdrettslaks er vanskeleg, og beredskapen for gjenfangstfiske er ikkje god nok. Fordi fisk oppfører seg ulikt ut frå art, storleik og temperatur i sjøen, må kvar gjenfangst tilpassast i høve til den konkrete rømminga.
Ein må dessutan ha sikre metodar for å oppdage rømming og kunnskap om rømmingshindrande arbeid. Gjenfangstutstyr må vere tilgjengeleg, ein må ha kontrollrutinar på anlegga og planar for beredskap.
Ved kontrollar av oppdrettsanlegg opplever Fiskeridirektoratet at det er svikt i opplæring av tilsette på fleire anlegg og at brukarhandbøker ikkje vert følgde. Manglande elementærkunnskap fører til høgare risiko, og det vert etterlyst ei haldningsendring heilt ned på røktarnivå.
Nye forslag til tiltak
Føresegn om akvakulturdrift (NYTEK), IK-akvakultur (internkontroll) og tekniske undersøkingar i etterkant av rømmingar er alle verkemiddel som vert brukt i arbeidet med å redusere rømming.
På møtet 14. desember vart det også diskutert ulike verkemiddel det kan vere aktuelt å sjå nærare på. Her er nokre av forslaga:
- individmerking av oppdrettsfisk slik at ein kan spore rømd fisk
- sterilisering av oppdrettsfisk slik at ein vernar genetikken hjå villfiske
- installasjon av radarreflektor på oppdrettsanlegga som kan hindre påkøyrsle av anlegg
- meir rømmingssikre nøter
- strengare krav til teknisk standard på røffe lokalitetar
- mindre storleik på merdane
Ynskjer nytt rømmingsutval
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL Havbruk) vil nedsetje eit nytt rømmingsutval, der dei mellom andre inviterer Direktoratet for naturforvalting og Fiskeridirektoratet til å vere med.
