Utviklar risikobasert kontroll i akvakulturnæringa
Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet har starta prosjektet AKVARISK for å utvikle risikobasert kontroll av akvakulturnæringa.
Effekten ein ynskjer seg er å oppnå mest mogeleg effektiv kontroll ut frå dei tildelte ressursane. Prosjektet med risikobasert kontroll av akvakulturnæringa er delt opp i to delprosjekt. AKVARISK 1 skal utarbeide eit forslag til eit risikobasert kontrollregime. I AKVARISK 2 skal ein utarbeide eit forslag til implementering og drift.
– Vi ynskjer å jobbe prosjektbasert då dette er ei arbeidsform som er målretta og oppgåvefokusert. Med prosjektbasert arbeid kan vi på ein effektiv måte utnytte ressursar og kompetanse på tvers av avdelingar og andre etatar, seier prosjektleiar Ingve Karlsen ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Knappleik på kontrollressursar i Fiskeridirektoratet, i høve til utfordringar og oppgåver innan akvakulturkontroll, gjer at direktoratet ser trong for å innføre risikobasert kontroll i akvakulturnæringa.
– Ved å innføre risikovurdering som eit arbeidsverkty skal kontroll utførast på ein effektiv måte. Effektiv i den forstand at ein vel ut dei rette objekta og avdekkar lovbrot med ei god utnytting av tildelte ressursar, seier Karlsen.
– Kontroll og risikovurdering har vi alltid utført og arbeidd i samsvar med, men for akvakulturområdet er det nytt å jobbe på strategisk og operativt nivå med risikobasert kontroll.
Regional deltaking viktig
Risikobasert kontroll skal vere eit verkty for Fiskeridirektoratet til å ta strategiske og operative avgjerder, få auka systemfokus, betre samhandling sentralt og regionalt og betre kontroll- og regelarbeid. Det er også vektlagt eit samarbeid mellom andre avdelingar og etatar som utøver, eller held på med å innføre, risikobasert kontroll.
Regional deltaking er viktig, både i prosjektet og ved utøving av risikobasert kontroll. Mange steg i prosessen må utførast av det regionale apparatet, til dømes kartlegging. Ein vil også kunne trekke inn referansepersonar i arbeidet. Det er Fiskeridirektoratet sine regionkontor som skal plukke ut kontrollobjekta.
Praktisk reiskap
– Næringa vil også få føremoner av prosjektet; ein kan sikre like rammevilkår og verte meir føreseielege ved utføring av kontroll. Det vert dessutan ein meir praktisk reiskap for tilsette i Fiskeridirektoratet, med meir føringar på kva som er prioritert. Risikotenking er ikkje noko nytt i Fiskeridirektoratet. Det nye er at ein set ting i system og gjev dei tilsette eit verkty for å bli endå betre, seier Karlsen.
Ein ser føre seg at AKVARISK 1 skal vere ferdig sommaren 2006. Til AKVARISK 2 treng ein kanskje ny kompetanse i prosjektgruppa, og eit nytt mandat. Heile prosjektet skal vere ferdig innan 2007, og dei ulike kontrollverktya skal då vere i drift.
