Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / «Trøndelagsmodellen» – eit forvaltingsmessig Kinderegg


«Trøndelagsmodellen» – eit forvaltingsmessig Kinderegg

Ei meir brukarvenleg forvalting, kraftig reduksjon i sakshandsamingstida og likevel oppretthalding av den faglege kvaliteten; «tre ting på ein gong - det er jo ikkje mogeleg det…»

Foring av oppdrettsfisk. Foto: © Norges sjømatråd
«Trøndelagsmodellen» er eit vellukka forvaltingsprosjekt, som ein gjerne ser vidareført. (Foto: © Eksportutvalet for fisk)

Med prosjektet «Ny forvaltingsmodell» (også kalla «Trøndelagsmodellen») har ein klart nettopp dette. No går likevel prosjektet mot slutten. Slik det ser ut no vil det bli avslutta 31. desember.

– Sett frå Fiskeridirektoratet si side har prosjektet vore svært vellukka. Ein har fått redusert handsamingstida kraftig, og ein brukar færre ressursar per søknad, seier Hildegunn Ytrearne, rådgjevar ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Ny akvakulturlov
Den nye akvakulturlova, som trer i kraft 1. januar 2006, stengjer ikkje for ei mogeleg vidareføring av prosjektet, men Fiskeridirektoratet Region Trøndelag er likevel utolmodige etter å kome vidare i arbeidet.

– Vi ynskjer ei vidareføring av prosjektet i påvente av endeleg avgjersle frå Fiskeri- og kystdepartementet. Viktig kompetanse kan gå tapt dersom vi får eit opphald i prosjektet, seier prosjektleiar Lill Connie Furu.

Eiga brukarundersøking for prosjektet
I Trøndelag har dei hatt ei eiga brukarundersøking for prosjektet, gjennomført av Møreforsking. Denne undersøkinga gjev god tilbakemelding på brukartenleg forvalting. Brukarane føler at dei møter ein einskapleg stat/etat, og ut frå dette oppfattar dei forvaltinga som meir serviceorientert.

Sakshandsamarane er også nøgde. Dei finn denne arbeidsforma meir spennande og utfordrande. Dei meiner også at det er tilfredsstillande å kunne gjere jobben raskare.

– Tilbakemeldingane er mest positive frå lakseoppdrettarane, noko vi meiner kjem av at det er dei som faktisk har mest kontakt med forvaltinga. Det er også dei som best vil merke resultat av nye forvaltingsregime, seier Furu.

Sluttrapport klar over nyttår
Den endelege vurderinga av prosjektet er nært føreståande; ein reknar med å ta til med dette arbeidet i byrjinga av desember. Endeleg sluttrapport skal vere klar januar 2006. Region Trøndelag sender rapporten til departementet, og Fiskeridirektoratet skal gje si tilråding til ei eventuell vidareføring av prosjektet.

Brukarorganisasjonane engasjerer seg
Trøndelag fiskeoppdrettslag ber i eit brev til Fiskeri- og kystdepartementet om at prosjektet må vidareførast på permanent grunnlag.

Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) havbruk Midt-Norge peikar på brukarundersøkingar som viser at heile 92 % av den etablerte næringa meiner «Trøndelagsmodellen» inneber ei meir brukarvenleg forvalting. Dei krev difor at delegert styresmakt til Fiskeridirektoratet vert vidareført når prosjektet går ut ved nyttår. I tillegg til betring i effektivitet meiner dei prosjektet har kasta lys over kvalitative tilhøve som viser at dagens ordinære forvaltingsmodell har alvorlege strukturelle svakheiter.

Kva lagnad som til slutt vert «Trøndelagsmodellen» til del er det Fiskeri- og kystdepartementet som avgjer.