Posisjonering av oppdrettsanlegg
Etter dagens system er lokalitetane stadfesta som punkt, i beste fall med 100 meters nøyaktigheit. Dette er for unøyaktig, og i tillegg er det av ulike årsaker mange feilkjelder som gjer at registrerte posisjonar ikkje stemmer med røynda.
– Eg trur at årsaka til at Fiskeridirektoratet i si tid valde landkart og UTM-koordinatar, var at det var enkelt for sakshandsamarane å bruke, og fordi det passa i vårt datasystem. Saman med moderne kartprogram fungerer dette likevel dårleg. Vi bør bruke eit anna system, og då er det naturleg også å vurderer overgang til posisjonar frå sjøkart. Det er jo sjøen som er vårt element, seier Birgitte Arstein, ved Kyst- og havbruksavdelinga.
Todelt prosjekt
For eit par veker sidan vart det avgjort at det skulle lagast eit førearbeid til eit prosjekt, for å få posisjonering av oppdrettsanlegg så korrekt som mogeleg. Prosjektet vart delt i to; ein kampanjedel og ein driftsdel.
Kampanjen
– Ved å innhente informasjon om kvar dei eksisterande oppdrettsanlegga ligg i terrenget, og ved å få desse rett posisjonerte, freistar ein å opprette ein ny sentral database. Målet er å ha registrert alle oppdrettsanlegg i rett posisjon i løpet av året, seier Arstein.
Drift
Rutinar for korleis ein skal registrere nye havbruksanlegg, og syte for at desse vert rett kartfesta. Dagens system har ei rekkje feilkjelder; alt frå enkle tastefeil til at systemet ikkje er nøyaktig nok.
Førearbeidet skal munne ut i ei tilråding om korleis dette skal gjennomførast, og skal vere ferdig til 18. mars.
Deretter skal tilrådinga godkjennast, og fiskeridirektøren avgjere kva tid prosjektet skal starte opp
Frå punkt til flate
– I dag er alle oppdrettsanlegg stadfesta som kartpunkt. For å gjere karta meir nøyaktige vil ein no stadfeste sjøanlegga som flater.
Det er spesielt andre brukarar; til dømes Kystverket men også alle andre som ferdast på sjøen, som har behov for å ha oppdrettsanlegga stadfesta som flate, seier Arstein.
Arbeid for regionane
Også regionane vil verte meir involverte i arbeidet.
– Når ein skal kvalitetssikre utføringa av prosjektet, er det naturleg at dette vert eit arbeid for regionane, seier Arstein.
