Enklare regelverk frå 1. januar i år
Ved Kyst- og havbruksavdelinga har ein arbeidd med å forenkle regelverket. Føresegner for tildeling og drift i oppdrettsnæringa er gjort meir brukarvenlege.
Arbeidet er i tråd med regjeringa sitt handlingsprogram «Eit enklare Noreg» og seinast fiskeriministeren sine «seks gylne løfter».
Gerd Fagerli vart i 2002 tilsett som jurist, i ei stilling som var oppretta med fokus på forenkling.
Forenklingsgevinst
Føresegner for tildeling og for akvakulturdrift (etter dette omtala som driftsføresegn) er begge blitt gjenstand for kritisk gjennomgang. Begge har fått redusert talet på paragrafavgjersler. Dei nye føresegnene tok til å gjelde 1. januar i år.
– Vi har fjerna tildelingsføresegner og erstatta gamle med nye. Der vi før hadde elleve, har vi no to. Dei er rett nok litt lengre, men likevel forenkla i høve til tidlegare, seier Fagerli.
– Når det gjeld driftsføresegna har ein her slege saman tre føresegner. Her er også mange nye paragrafar som skal ivareta fiskevelferd, fortel Fagerli.
Meir tilgjengeleg regelverk
– Vi har freista å finne fram til ein logisk oppbygnad av strukturen i regelverket, slik at det vert enklare å finne akkurat den paragrafen du ser etter. Kapitteloverskriftene skal seie noko om innhaldet, slik at regelverket vert lettare tilgjengeleg for brukarane, seier Fagerli.
– «Kva føremål skal paragrafen ivareta?» og «Kvar er paragrafen heimla?». Slike spørsmål har vi stilt oss, og deretter har vi fjerna reglar som ikkje lenger er relevante. Rett og slett rydda litt kan du seie, fortel Fagerli.
Miljøundersøkingar heimla i Fiskeridirektoratet sitt regelverk
– I samband med konsesjonssøknader skal det som hovudregel gjennomførast såkalla B-undersøkingar. Dette er ein situasjonsrapport om miljøtilstanden på lokaliteten. Slik får ein eit nullpunkt i høve til korleis tilstander er etter oppstart, seier Fagerli.
Dersom miljøtilstanden i løpet av driftsfasen vert uakseptabel, kan Fiskeridirektoratet i samråd med fylkesmannen vedta å leggje lokaliteten brakk eller inndra retten til å drive på lokaliteten.
At næringa er pålagd å foreta miljøundersøkingar er ikkje noko nytt, men det er nytt at dette no har heimel i Fiskeridirektoratet sitt regelverk.
Fokus på aktsemd i samband med rømming
Det er innført ein eigen regel for aktsemd, for å hindre, oppdage og avgrense rømming, som er endå meir presis enn den generelle regelen for aktsemd. Regelen om overvakingsfiske vert erstatta av ein regel om tiltak som skal setjast i verk etter ein risikovurdering.
Det er likevel inga lemping i høve til eksisterande regelverk. Oppdrettar si meldeplikt når det gjeld rømming er ikkje lenger knytt til den som eig fisken.
– Dersom du til dømes ser rømd fisk som går utanfor dine merdar, har du plikt til å melde frå sjølv om fisken ikkje kjem frå ditt oppdrettsanlegg, informerer Fagerli.
Nokre små endringar
– Vi reknar med å publisere merknader til driftsføresegna på våre heimesider i byrjinga av mars. Dei næraste dagane vert desse sende til Fiskeri- og kystdepartementet for godkjenning.
Fiskeri- og kystdepartementet held dessutan på å vedta ei endringsføresegn til driftsføresegna. Det vart oppdaga nokre mindre feil i driftsføresegna, som no vert retta opp. Dette har inga avgjerande tyding for dei som driv med oppdrett, og det er ikkje trong for ny høyring på dette, avsluttar Fagerli.
