Positive rømmingstal frå oppdrettsnæringa
Nye tal viser at det til nå i år har rømt 52 500 laks og aure frå norske oppdrettsanlegg. I tillegg har det rømt rundt 4600 torsk.
I 2003 rømde noko over 415 000 laks og aure og rundt 75 000 torsk. I 2002 rømde nær 730 000 laks og aure, medan det i 2001 rømde nærare 370 000. Tala for 2003 og 2004 er mellombelse og vert kontinuerleg justert.
Dei fleste rømminger skuldast anleggssvikt, her medrekna skadar på nøtene ved håndtering.
Innehavar av konsesjonen er forplikta til utan opphald å melde frå til Fiskeridirektoratets regionkontor om fisk rømmer, eller ein har mistanke om at så har skjedd.
Krav til teknisk standard
For å medverka til å redusere talet på rømminger, er det vedteke krav til teknisk standard for anlegg som vert nytta i fiskeoppdrett, den såkalla NYTEK-føresegna.
I praksis trådte regelverket i kraft 1. april 2004 for nye anlegg.
Godkjenning
Det er óg innført ein godkjenningsordning for flytande oppdrettsanlegg. For nye anlegg/hovedkomponentar vart det kravd produktsertifikat frå 1. april 2004.
Eksisterande anlegg må ha dugleiksbevis innan 1. januar 2006, dersom ikkje drifta er sertifisert etter eit internasjonalt godkjent miljøstyringssystem. Om så er, må anlegget ha dugleiksbevis innan 1. januar 2008.
Regelverket baserar seg på ein nyutvikla Norsk Standard, NS 9415, «Flytende oppdrettsanlegg - krav til utforming, dimensjonering, utførelse, installasjon og drift». Denne foreligg nå óg i engelsk versjon, og kan tingast på http://www.standard.no.
