Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Ned 35 prosent i 2003


UTSETT AV AURE:

Ned 35 prosent i 2003

Talet på aure som vart sett ut i merdane fall med rundt 35 prosent frå 2002 til 2003. Det tilsvarande talet for laks er ein nedgang på rundt 10 prosent.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Eksportutvalget for fisk
LÅGASTE PÅ MANGE ÅR: Utsettet av aure har ikkje vore så lågt sidan 1998. (Foto: © Eksportutvalget for fisk)

Data frå Fiskeridirektoratet sin offisielle statistikk syner at det i 2002 vart sett ut nærare 23 millionar aure. Talet gjekk ned til 15 millionar i 2003, viser førebels statistikk frå Havbruksdata.

Usikker marknad
– Utsettet av aure har ikkje vore så lågt sidan 1998. Årsaka til nedgangen kjem truleg av dei marknadsproblema oppdrettarane av aure for tida har i EU og Japan, seier Knut Johan Johnsen ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

– I september 2003 vart det innført ein femårs straffetoll på 19,9 prosent på norsk aure som skal til EU-marknaden. Eksporten til EU hadde før dette hatt fin vekst. I samme periode gjekk eksporten til den største marknaden som er Japan, ned med 41 prosent, frå 35 000 tonn i 2002 til 22 000 tonn i 2003.

Litt betre for laks
Utsettet av aure fall altså med rundt 35 prosent. Men utviklinga er ikkje like dramatisk for laks. I 2002 vart det sett ut nærare 145 millionar individ, medan det tilsvarande talet for 2003 er nærare 131 millionar. Dette er ein nedgang på rundt 10 prosent.

Tala for 2002 er henta frå Fiskeridirektoratet sin offisielle statistikk, medan tala for 2003 er henta frå Havbruksdata.

– Tala for 2003 kan endre seg noko i månadene som kjem, og endeleg statistikk frå Fiskeridirektoratet vil vere klar til hausten, fortel Johnsen.

Les også:
Havbruksdata

Les mer