Miljøtilstanden er god, men kan verte betre
Åtte vassområde i Noreg er kartlagt. Dei fleste vassførekomstane i desse områda har god miljøtilstand.
Kartleggjinga er første del av arbeidet med å undersøkje miljøstatusen for norske vassførekomstar i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn.
Røynsla frå desse områda skal brukast når dei resterande omkring 250 norske vassområda skal karakteriserast. Dette arbeidet startar hausten 2004.
Ikkje alle er like bra
Vassområda omfattar mange hundre elver, bekkar, innsjøar, fjordar, kystområde og førekomstar av grunnvatn. Totalt er 600 vassførekomstar undersøkt.
Det er rett nok berre eit vassområde (Hitra) der samtlege førekomstar har god status. For dei andre sju områda er om lag 400 førekomstar i god tilstand.
Drøyt 100 er såkalla sterkt modifiserte og difor ikkje underlagt målet om god tilstand, medan omlag 100 vil ha moderat eller dårleg tilstand om ikkje nye tiltak vert gjennomført.
Når målet i 2015
Direktivets mål skal vere nådd innan 2015. Noreg har difor god tid til å gjennomføre miljøtiltak der det trengst. Føremålet med karakteriseringa som no vert gjort, er å identifisere vassførekomstar der det må settjast inn tiltak.
Arbeidet med tiltaka vert sett i verk gjennom tiltaksprogram. Fram til 2009 skal det planleggjast, vidare mot 2012 skal tiltaka iverksettjast og innan 2015 skal ein ha oppnådd full effekt av miljøtiltaka.
Karakteriseringa av dei første åtte vassområda er utført i regi av ei gruppe med representantar frå dei sju direktorata som best merkar verknaden av direktivet. Dei sju er Fiskeridirektoratet, Direktoratet for naturforvaltning (DN), Kystverket, Mattilsynet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statens forureiningstilsyn (SFT).
Noreg er forplikta til å innføre direktivet av di vi er medlem av EØS.
Les også:
• Om direktivet på nettsida til Statens forureiningstilsyn
• EUs rammedirektiv for vann: Undersøker norske vannforekomster (Fiskets Gang 20. oktober 2003)
