Du er her:

Leppefisk i yrkesfiske

Oppdatert: 08.08.2017

Frå 2016 blei det innført totalkvotar og endra opningstider i fisket etter leppefisk. Eit høgt beskatningstrykk på leppefisken i 2016 har gjort det naudsynt for Nærings- og fiskeridepartementet å fastsetje innstrammingar for reguleringane i 2017.

Fisker leppefisk med ruser. Foto © Scanfishphoto

Det har dei siste åra bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som rensefisk i oppdrett.

Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og Fiskeridirektoratet har difor skjerpa regelverket frå 2016 (og departementet i 2017) for å innta ei meir aktiv føre-var-haldning.

Eit forslag til reguleringar har vore ute på høyring og det er kome mange innspel frå ulike hald, frå både privatpersonar, verksemder, organisasjonar og forskning. Det blei også halde eit evalueringsmøte med næringa.

Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, samstundes som bruk av leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere luseangrep i oppdrett.

Deltaking 2017

Det er for 2017 oppretta ei open gruppe i fisket etter leppefisk og samstundes gjort unntak frå det alminnelege kravet om at fartøyeigar berre kan delta med eitt fartøy.

For å kunne delta i open gruppe må følgjande vilkår vere til stades:

  • Fartøyet må vere registrert i Merkeregisteret og ha eit lasteromsvolum som er mindre enn 500 m³.
  • Eigar av fartøyet og høvedsmann må vere ført i Fiskarmanntallet.
  • Fartøyet må vere egna, bemanna og utstyrt for fiske etter leppefisk.
  • Det må liggje føre ei leveringsavtale med godkjend kjøpar.
  • Fartøy som skal nytte ruser må ha særskild løyve frå Fiskeridirektoratets regionkontor. Søknad om å nytte ruser sendes på eige skjema.
  • Det er sett krav om at fartøyeigar må stå om bord som høvedsmann under fisket (forbod mot leigeskippar). Det kan bli gitt dispensasjon frå dette kravet, dersom vedkommande er forhindra frå å stå om bord på grunn av tillitsverv, offentlege verv, sjukdom eller skade som vil krevje langvarig rehabilitering.

Det er fastsett ein fartøykvote på 75.000 fisk per fartøy.

I fisket etter leppefisk kan det frå eit merkeregistrert fartøy ikkje nyttast meir enn 100 teiner og ruser til saman på kyststrekninga frå grensa mot Sverige til Varnes fyr på Lista. På kyststrekninga nord for Varnes fyr på Lista kan det frå eit merkeregistrert fartøy ikkje nyttast meir enn 400 teiner og ruser til saman. Reiskapsgrensa gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy. 

Opning av leppefisket 2017

  • Sør for 62°N: Måndag 17. juli kl.08
  • Nord for 62°N: Måndag 31. juli kl. 08

Eit mindre område i Austevoll er stengt for fiske etter leppefisk av omsyn til forsking. Sjå kart

Fluktopning i teiner og ruser

Fluktopning i teiner og ruser skal vere minst 12 mm x 70 mm. Fluktopningane skal plasserast slik at leppefisken lett kan ta seg ut av reiskapen. Fiskeridirektoratet understrekar at fiskarane må vere nøye med at fluktåpningen er i samsvar med kravet. Det er fiskaren som i siste ledd har ansvaret for at fluktopninga er korrekt.

I teiner skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret (fangstkammer) og minst to fluktopningar i kvar av dei øvrige kammera. I ruser skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret og minst tofluktopningar i det nest innerste kammeret. Fluktopningane skal vere plassert på ein slik måte at leppefisk lett kan ta seg ut av reiskapen. Fluktopninga skal ha ei fast ramme og kan vere plassert i rekkje eller enkeltvis.

For å hindre uønska bifangst av spesielt hummar og torsk, i tillegg til å hindre at oter prøver å ta seg inn i teiner og ruser og deretter druknar, er det påbod om inngangssperre. Inngangssperre (kryss) er ikkje påkrevd dersom inngangen (kalven) er mindre enn at ein sylinder med diameter 70 mm kan trekkast gjennom inngangen.

Det har gjennom forsøk vist seg at enkle kryss i inngangen til teinene eller rusene i stor grad hindrar uønska bifangst. Skulle det likevel skje at ein oter blir fanga i reiskapen skal ein melde frå til Fiskeridirektoratet på e-post.

Minstemål

Minstemål for leppefisk frå og med 2015:

Art

Størrelse

Grønngylt

12 cm

Berggylt

14 cm

Annan leppefisk

11 cm