Fiskarmanntalet

Oppdatert: 15.01.2016

Fiskarmanntalet skal vere eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som einaste leveveg, eller saman med anna næring eller anna arbeid.

Fiskarmanntalet vert brukt som grunnlag for tildeling av følgjande rettar og støtteordningar:

  • Rettar i fiske administrert av Fiskeridirektoratet.
  • Sosiale rettar i fiske og diverse tilskotsordningar i fiske over statsbudsjettet, administrert av Garantikassen for fiskarar.
  • Basis for pliktig medlemskap i pensjonstrygd for fiskarar, der innbetaling av premie og eventuell tvangsinndriving skjer ved Garantikassen.
  • Sjukepengar og trygderettar i fiske, administrert av NAV- trygd. Fiskarmanntalet er også tillagt betyding på ei rekkje andre område både offentleg- og privatrettsleg.

Søk i fiskarmanntalet