Du er her:

Elektronisk fangstdagbok gir betre bestandsråd

Oppdatert: 11.12.2017

Eit samarbeid mellom fiskerinæringa, Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet skal gi betre silderåd. Den elektroniske fangstdagboka blir eit viktig verktøy for å få meir korrekte data om alderen på silda – som igjen er viktig for bestandsråda som Havforskningsinstituttet gir.

Alle fiskefartøy over 15 meter rapporterer fiskeri- og fangstdata digitalt via Elektronisk Fangstrapport (ERS).

Fiskerinæringa er positive til prosjektet og har alltid samarbeidt med forskninga for å skaffe så gode grunnlagsdata som mogeleg om dei ulike bestandane. HI får i dag inn nok prøver av sild, men kvaliteten på prøvene og variasjonen av prøver er ikkje alltid god nok.

- I dette samarbeidet vil HI kunne få data via ERS og kan få bestemte fiskefartøy til å ta ut prøver av sild alt i fangstoperasjonen. Prøvene vil dermed bli ferskare og kvaliteten på prøvene høgare. Det vil kunne bety betre bestandsråd på sild. Dette vil samstundes utvide mogelegheitene som ERS gir oss. Systemet vil då både vere eit rapporterings- og kontrollverktøy og eit verketøy for betre bestandsråd, seier seniorrådgivar Jens A. Wathne, som er Fiskeridirektoratet sin kontaktperson i prosjektet.

Bestandsdata består i all hovudsak av data frå forskningstokt og alderssamansetning på fisken saman med fangstdata frå Fiskeridirektoratet.

Bruk av ERS-data vil bety ein ny dimensjon i bestandsvurderinga.

Du kan lese meir om prosjektet her:

https://www.hi.no/temasider/fangstprover/nb-no