Du er her:
 

Framlegg til fiskarmanntal for 2018

Framlegg til fiskarmanntal for 2018

Oppdatert: 10.11.2017

Framlegg til fiskarmanntal for 2018 er sett opp og lagt ut til offentleg innsyn i tida 10. november 2017 og tre veker framover.

Framlegget er lagt ut på  alle kontora til Fiskeridirektoratet i den enkelte region. Du finn også framlegget på denne sida, sjå «fylkesoversikt» i høgre kolonne.

Vi ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år. Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 10. november.

Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar for kvar sin region.

Skriftleg klage med grunngjeving blir å sende til:

Fiskeridirektoratet
Postboks 185 Sentrum
5804 Bergen                     

eller

postmottak@fiskeridir.no

Hugs å merke konvolutten eller e-posten med namnnet på regionen der du er busett og ha med tilvising til referanse i saka.

Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november.