Du er her:

Uvær kan skape problemer for leppefiskavslutning

Oppdatert: 29.09.2017

Fiskeridirektoratet har fått ein del henvendelsar frå fiskarar som på grunn av dårleg vær ikkje får opp leppefiskteinene innan fristen. Fiskarar kan i slike tilfeller ta kontakt med FMC.

Fisket etter leppefisk er midlertidig stoppa til 23. oktober og alle teiner skal vere oppe frå sjøen innan 30. september klokka 20:00. Men direktoratet har fått melding frå fleire fiskarar som på grunn av uvær ikkje rekk å få teinene opp frå sjøen innan fristen.

Fiskeridirektoratet oppmodar fiskarar til å ta kontakt med FMC på telefon 55 23 83 36 slik at det blir registrert at dei ikkje rekk å få reiskapen opp frå sjøen i tide. Slik melding må vere gitt innan fristen 30. september klokka 20:00.