Du er her:

Fiskeridirektoratet foreslår påmelding til hummarfiske

Oppdatert: 31.07.2017

I høyringa om regulering av fisket etter hummar i 2017 er eit av forslaga frå Fiskeridirektoratet ei obligatorisk påmeldingsordning for alle som skal fiske etter hummar.

I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet foreslår Fiskeridirektoratet mellom anna også

  • å halde fram med å hjelpe kommunar som vil opprette bevaringsområde for hummar
  • maksimumsmål på hummar og
  • teiner som er laga slik at dei sluttar å fiske dersom dei vert ståande lenge i sjøen (er tapte/miste).

Vi har fått mange innspel

I høyringa har vi motteke innspel frå Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Norges Fritids- og Småfiskerforbund, Kystvakta, Havforskingsinstituttet, WWF Verdens naturfond, Miljødirektoratet, Vest-Norges Fiskesalslag, Skagerakfisk, Tvedestrand og Risør Fiskarlag, Roald Småbåtforening, Fiskeridirektoratet region Sør, overvakingstenesten for fiskefelt (OVT) samt fleire innspel frå privatpersonar og underavdelingar av ovannemnde organisasjonar.

Følg med på nettsidene våre

Eventuelle endringar i regelverket kan tre i kraft innan hummarfisket startar 1. oktober, så vi oppmodar alle som har tenkt å delta i dette fisket om å følgje med på våre og departementet sine nettsider, seier seksjonssjef Anne Kjos Veim i utviklingsseksjonen i ressursavdelinga.