Du er her:

Ungdomsfiske også i år

Oppdatert: 11.05.2017

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 19. juni og til og med 11. august 2017, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

Foto © Sjømatrådet

For fiske etter rognkjeks er det særlege reglar. Ordninga for rognkjeks gjeld i perioden frå og med 12. mai til og med 20. juni 2017 vest for 26°A (ca. Nordkapp), og i perioden frå og med 12. mai til og med 5. juli 2017 i Finnmark aust for 26°A.

Avslutningstidspunkt er lik stoppdatoane i det ordinære rognkjeksfisket. Ordninga gjeld ikkje for manntalsførde fiskarar.

Reiskap

Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre, juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.

Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i ordninga med ungdomsfiske, men det er ein føresetnad at avgrensinga i reiskapsbruken blir følgd.

Ungdom under 12 år kan av omsyn til tryggleiken ikkje delta i ordninga.

Interesserte ungdommar kan ta kontakt med Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i det området dei er busett for orientering og registrering.