Du er her:

«Munin» er tatt ut av tjeneste

Oppdatert: 13.02.2017

Frå nyttår vart kystoppsynsfartøyet «Munin» tatt ut av tjeneste i samband med at all sjøtjeneste i Fiskeridirektoratet vart organisert under «Overvåkningstjenesten» i Fiskeridirektoratet region Nord.

Fiskeridirektoratet oppretta «Kystoppsynet» med fartøya Hugin og Munin i 1991 med base i Kristiansand og Fredrikstad. Fartøya opererte for det meste på Sørlandet den første tida, men vart også nytta i ulike oppsyn andre stadar i landet, blant anna under Borgundfjordfisket og torskefisket i Lofoten. 

Mange og varierte oppgåver

God-dialog.jpg

Mange har møtt kystoppsynsfartøyet Munin på si ferd langs kysten. No er fartøyet lagt til kai i samband med ei omorganisering av sjøtjenesta

Oppgåvene i denne perioden var mange og varierte, som til dømes algeovervakning, reiskapskontroll, kontroll av oppdrettsanlegg - og tilsyn med fuglereservat! Munin vart etter kvart erstatta med dagens Munin som Fiskeridirektoratet tok i bruk i november 1997. Hugin vart fasa ut rundt år 2000. 

Frå Rørvik til svenskegrensa

Frå 2005 vart ansvaret for drifta av Munin lagt til region Møre og Romsdal (seinare region Midt). Munin opererte i denne perioden i heile Sør-Norge frå Rørvik i nord til svenskegrensa i sør. Oppgåvene vart meir og meir retta mot ressurskontroll.

Ny kontaktinformasjon

Ettersom Munin ikke lengre er i aktivitet langs norskekysten ber vi publikum i framtida om å kontakte oss på vår døgnåpne vaktsentral 03415, eventuelt vårt sentralbord 03495.