Du er her:

Nasjonal strategisk risikovurdering (NSRV)

Oppdatert: 19.01.2017

Ei årleg nasjonal risikovurdering, som Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga utarbeider saman, ligg til grunn for ressurskontrollen.

Den årlege risikovurderinga er nedfelt i eit styringsdokument der vurderingar på overordna nivå ligg til grunn. Dette skal sikre at dei ulike kontrollaktivitetar og kontrollområde til Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga blir vurderte i samanheng.

NSRV vert fastsett i samsvar med rammene Stortinget set gjennom budsjettvedtak, styringssignal frå departementet, internasjonale reglar og tverretatleg samarbeid. 

Dokumentet inneheld vurdering av risiko på overordna nasjonalt nivå og hovudlinene for satsings-områda i den perioden NSRV gjeld for.

Risikovurderinga gjev samla oversikt over dei viktigaste og mest risikoutsette kontrollområda langs heile verdikjeden.

I NSRV er ansvarsområde, aktivitetar og verkemiddel til dei ulike kontrollorgana fastsett.  Samanhengen vil då kome fram slik at dette kan gje grunnlag for samarbeid mellom organa.