Du er her:

Kjøparregistrering

Oppdatert: 17.06.2016

Den som skal kjøpe fangst i første hand skal være registrert som kjøpar i Fiskeridirektoratets register over kjøparar. Det er forbode å kjøpe fangst andre stader enn hos dei som står i kjøparregisteret.

Dersom du har fått dispensasjon for å selje fangst ved kai finn du nødvendig informasjon og skjema her.

Søknad om å bli registrert som kjøpar skal sendast til Fiskeridirektoratet.

Søknadsskjema for omsetnad av fisk

Søknaden skal sendast elektronisk og innehalde følgjande opplysingar:

  1. Organisasjonsnummer til søkjar/føretak, namn, adresse, telefon- og telefaksnumer, e- postadresse, samt namnn og adresse til styreleiar og dagleg leiar.
  2. Nøyaktig stad der kjøp av fangst skal skje, her og mottaksstasjon og liknande. Med nøyaktig stad er meint besøksadresse og kommunenummer der anlegget geografisk ligg, eventuelt godkjennings-nummer, og nøyaktige koordinatar i grader og desimalminutt.
  3. At kjøpar pliktar å halde seg orientert om og å overhalde dei forretningsreglar og omsetnads-og salsreglar som gjeld i salsorganisasjonen. Her medrekna til ei kvar tid å stille den bankgaranti eller tilsvarande som salsorganisasjonane krev. Jf. Lov 21.juni 2013 nr.75 om førstehandsomsetnad av viltlevande marine ressursar § 10.