Kaisal

Oppdatert: 17.06.2016

Hovudregelen er at all fangst skal omsettast gjennom godkjent kjøpar av marine ressursar i første hand. Ved nokre salslag kan det søkjast om dispensasjon for omsetting av eigen fangst direkte til forbrukar, sokalla kaisal.

Den som har fått tildelt dispensasjon fra en salgsorganisasjon for å drive kaisalg, skal også vere registrert som kjøper i Fiskeridirektoratets register over kjøpere.

Elektronisk skjema for registrering av kaiseljar i kjøparregister.

Søknaden skal sendast elektronisk og innehalde følgjande opplysingar:

  1. Dersom kaiseljar er eit føretak: Organisasjonsnummer til søkjar/føretak, namn, adresse, telefonnummer, e- postadresse, samt namn og adresse til styreleiar og dagleg leiar.
  2. Dersom kaiseljar ikkje er eit føretak: Kaiseljar sitt personnummer, namn, adresse, telefonnummer, e-post adresse, navmpå fartøy og nøyaktig stad der kjøp av fangst skal skje Med nøyaktig stad er meint besøksadresse og kommunenummer der fartøyet skal selje ved kai og nøyaktige koordinatar i grader og desimalminutt.
  3. At kjøpar pliktar å halde seg orientert om og å overhalde dei forretningsreglar og omsetnads-og salsreglar som gjeld i salsorganisasjonen. Her medrekna til ei kvar tid å stille den bankgaranti eller tilsvarande som salsorganisasjonane krev. Jf. Lov 21.juni 2013 nr.75 om førstehandsomsetnad av viltlevande marine ressursar § 10.

Ved kaisal skal fiskaren, slik alle andre som sel marin fisk, skrive seddel for kvar landing.

Meir informasjon hos det einskilde salslag: