Du er her:

Tapte fiskereiskap - spøkelsesfiske

Oppdatert: 07.06.2017

Tapte fiskereiskap som står att på havbotnen forsøplar havet og øydelegg fisk og skaldyr som går i. Det er svært viktig at alle som har tapt fiskereiskap, eller kjenner til at så har skjedd, melder frå til Fiskeridirektoratet. Vi kan då vurdere å gå til desse områda under vårt årlege oppreinskingstokt.

Tapte garn. Foto © Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har hatt årlege oppreinskingar på fiskefelt sidan tidleg på 1980-talet.  Fram til 2014 er cirka 18 000 garn og store mengder annan reiskap som tau og trålwire henta opp.

Å fjerne garn og teiner frå botnen er viktig for å unngå at fisk og skaldyr går i, spøkelsesfiske som det vert kalla. Ein unngår og at ny reiskap hengjer seg fast i den gamle.

Meld frå om tapte reiskap

Ein fiskar som misser reiskap pliktar å sokne etter den. Jf. Utøvelsesforskrifta § 78. Om dette ikkje lukkast, skal fiskaren melde tapet til Kystvaktsentralen, telefon: 07611.

For fartøy med elektronisk fangstdagbok kan det også rapporterast om tapt reiskap gjennom dagboka.