Du er her:

Hvordan jobber vi med kystkultur?

Oppdatert: 10.03.2016
Lofoten. Foto © Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har eit sektoransvar for kystkulturen i Noreg, saman med Kystverket, Riksantikvaren og Norsk Kulturråd. Ansvaret for oppfølging av direktoratets arbeid med kystkultur ligg hos fiskeridirektøren og kommunikasjonsstaben.

Planane framover

Ein eigen handlingsplan for kystkultur vart avslutta ved årsskiftet og ein ny plan for perioden 2015-2020 er under utarbeiding. Av sentralt innhald i den utgåtte planen kan nemnast arbeidet med hefta «Fortellinger fra kysten», ein serie på 14 hefte som tar for seg ulike tema som har prega kysten. Dei fire direktorata har saman med nasjonale og regionale museumsmiljø også stått som arrangør av nasjonale kystkonferansar på ei rekkje stader langs kysten, frå Fredrikstad i søraust til Honningsvåg i nord.

Det er tanken å vidareføre dei nasjonale konferansane i ein eller annan form – som ein nasjonal møtearena for etatar, organisasjonar, institusjonar og privatpersonar som arbeider med kystkultur.

Direktoratsgruppa for kystkultur arbeider vidare med å etablere ein ny handlingsplan der eit større bokverk om farleia og registrering av kulturminner, inkludert fartøy og fiskerihamnemiljø, er to av emna som er foreslått som nye tiltak i ein ny handlingsplan. Direktoratsgruppa for kystkultur er organisert ved at dei fire direktørane for etatane vedtar handlingsplan og budsjett og ei arbeidsgruppe har ansvaret med oppfølging av tiltak dei fire direktørane blir samde om.