Du er her:

Fiskerihamner

Oppdatert: 14.11.2014

Fiskeridirektoratet gjev råd til Kystverket om utvikling og styring av fiskerihamnstrukturen.

Fiskeridirektoratet samarbeider med Kystverket mellom anna om:

  • Farleinormalen,
  • Avhending av ikkje-næringsaktive fiskerihamner («Avhending av fiskerihamn tyder at Kystverket overlet ikkje-næringsaktive fiskerihamner til andre føremål). Fiskeridirektoratet gjev råd om når slik avhending kan skje.
  • prosjektering av nye hamner, og
  • opprusting av eksisterande fiskerihamner

Fiskeridirektoratet kan, ved hjelp av god lokalkunnskap, statistikk og andre data, legge til rette for eit fornuftig og effektivt fiskerihamnmønster. Denne kunnskapen er mellom anna viktig for utvikling av sjømatnæringa. Skal denne næringa vekse og bli meir lønsam, må infrastrukturen, som fiskerihamner er ein del av, tilpassast det næringa treng.