Du er her:

Nye fredingsområde for hummar trer i kraft 1. oktober

Oppdatert: 30.09.2016

– Dei nye fredingsområda vert oppretta etter lokalt initiativ, noko som gjev gode prosessar og semje om opprettinga. Vi ber dei som skal fiske hummar vere særleg merksame på dei nye områda, slik at dei ikkje bryt fredingsreglane, oppmodar seksjonssjef for forvaltningsseksjonen i region Sør, Anne Brit Fjermedal.

Forsking viser at fredingsområde for hummar har ein gunstig effekt på bestanden, og det er eit av fleire forvaltingsverktøy for å auke bestanden av hummar langs kysten vår.

Gode resultat for bestanden

– Resultat frå tidligare etablerte fredingsområde viser at når hummaren får vere i fred nokre år, så aukar bestanden betydeleg – både i bevaringsområdet og i dei tilstøytande områda, fortel seksjonssjef for forvaltningsseksjonen i region Vest Leni Marie Lisæter.

Når hummarfisket tek til 1. oktober vil dei nye fredingsområda bli kontrollerte på lik linje med eksisterande fredingsområde.

Nye og utvida område

I Vestfold har styret i Færder nasjonalpark og Vestfold fylkeskommune hatt ynskje om å utvide tala på område med hummarfreding i Færder nasjonalpark.

I samarbeid med kommunane Nøtterøy, Tjøme og Sandefjord har dette ført til forslag om freding av hummar innanfor to nye område og utviding av eit eksisterande fredingsområde i Vestfold-skjergarden. Innanfor disse områda skal hummaren være totalfreda heile året.

I Hordaland har kommunestyra  i Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin vedtatt å gå for eit forslag om freding av hummar innanfor i alt 9 område i indre del av Hardangerfjorden. For Granvin og Ulvik sin del betyr det heile sjølinja.

Fredingsområda i Hordaland skal gjelde frå land og ut til 50 meters djup. Innanfor desse områda vil hummaren bli totalfreda og det vil gjelde forbod mot fiske med teiner og ruser gjennom heile året.

Fredinga gjeld fram til og med 31.12.2025 for alle områda i Hordaland.

– I Hordaland er det kome inn fleire innspel til høyringa om fredingsområda, men dei fleste er positive til tiltaket. Det var ein del diskusjonar rundt reiskap, men ein landa på at totalforbod mot teiner og ruser vil være den mest effektive måten å handheve lovverket. Ein kan framleis fiske med garn og anna reiskap, seier Lisæter.

Ver merksame på dei nye områda

I region Sør er det planlagt samarbeidsaksjonar med mellom anna politi, kystvakt, skjergardstenesten og Statens naturoppsyn i både Østfold og Vestfold.

– Vi vil fokusere på Færder nasjonalpark og dei nye fredingsområda. Fiskeridirektoratet sin eigen oppsynsbåt «Munin» vil også bli brukt til kontrollar i desse områda. I tillegg prioriterer vi oppfølging av tips om reiskapsbruk i dei freda områda, opplyser Fjermedal.

Aktuelt med endå fleire fredingsområde

Vi oppmodar kommunane til å ta initiativ til nye fredingsområde og kontakte oss. Ein av Fiskeridirektoratets regionar vil då, i samarbeid med kommunen, undersøkje aktuelle område og kartleggje fiskeriaktiviteten der.