Du er her:

Havstrategien bør ha fokus på matproduksjon

Oppdatert: 11.11.2016

Fiskeridirektoratet tilrår at mat- og fôrproduksjon og annan biologisk produksjon frå havet må utgjere hovudgrepet i regjeringas havstrategi.

Frøya. Foto © Erik Røed, Kysten er klar

Regjeringa sin havstrategi skal leggjast fram våren 2017, og hovudpoenget er å sjå på framtidige mogelegheiter for næringsaktivitet i havet. Den skal også peike på korleis styresmaktene best kan leggje til rette for arbeidsplassar og berekraftig vekst i havnæringane.

Verdas folk er venta å auke frå 7 til 9 milliardar menneske fram mot 2050. Landbasert matproduksjon vil ikkje kunne skaffe nok mat til den aukande folkeveksten og auka matproduksjon må difor kome frå havet.

– Olje- og gassnæringane vil få mindre betydning for norsk økonomi. Dei andre havbaserte næringane vil difor måtte spele ei nøkkelrolle for verdiskaping, sysselsetjing og velferd i framtida, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Stort vekstpotensial i reint hav

I dag kjem berre 2 prosent av verdas matproduksjon frå havet, sjølv om 70 prosent av kloden vår er dekt av vatn. I våre farvatn, med sine gode føresetnader, er det eit enormt potensial for auka produksjon av mat og andre biologiske produkt. Satsing på mat, fôr og annan biologisk produksjon bør difor utgjere det overordna grepet i regjeringa sin havstrategi.

– For å lukkast med dette må havet vere reint. Vi må avgrense tilførsel av alle typar framandstoff, plast og annan søppel til havet. Noreg bør gå føre i eit slikt arbeid, seier fiskeridirektøren.

Løyse miljøutfordringane i akvakultur

Akvakulturnæringa har utvikla seg raskt, og auka produksjon har ført med seg utfordringar. Forsking har vore og er viktig for å kunne møte desse utfordringane.

– I dag er det stort sett laksefisk vi driv oppdrett av, men i framtida må vi leggje betre til rette for havbruksproduksjon av andre arter, inkludert skjell og makroalgar. Havstrategien må opne for tilrettelegging av slik næringsutvikling, seier Holmefjord.

Den nye havstrategien må rette særskild merksemd mot behovet for kunnskap og kompetanse, og vi treng forsking som kan hjelpe oss med miljøutfordringane vi har i akvakultursektoren. Forsking treng vi også for å kunne realisere heilt ny nærings- og forvaltingsutvikling innan havbruk, fiskeri og bioprospektering.

Kople kunnskap

Det er mange som vil bruke kystsonen og presset på kystnære areal vil berre auke. Den store auken i matproduksjon i havet må difor skje lenger ute. Det vil vere viktig å kople kunnskapen frå offshorenæringa til kunnskap om akvakulturnæringa. Dette vil kunne gje Noreg store konkurransefortrinn. Kunnskap om havbotnen, terreng, geologi og biologi er nødvendig for at vi skal klare å bruke muligheitene i havbruksnæringa framover på ein berekraftig måte.

– I arbeidet med havstrategien bør ein også sjå på om havbruksforvaltinga er organisert på ein optimal måte. Denne forvaltinga er meir fragmentert enn fiskeriforvaltinga, som har vore meir einskapleg, meiner fiskeridirektøren.