Du er her:

Rettleiing og retningsliner

Oppdatert: 14.11.2014

Fiskeridirektoratet har som mål at regionkontora våre deltek aktivt og konstruktivt under heile prosessen med kommunale planar.

Fiskeridirektoratets regionkontor er «førstelinjeinstans»  ved kommunale planprosessar. Det vil seie at berre prinsippielle motsegner vert lagt fram for direktoratet sentralt.

Kommunar som ligg til same straum- og fjordsystem bør legge til rette for interkommunal planlegging. Dette er det i dag fleire gode døme på i Trøndelag («Kysten er klar»), Helgeland og Troms.

Retningsliner for kystsoneplanlegging

Rapporten «retningsliner for arbeid med kystsoneplanlegging i Fiskeridirektoratet» tek føre seg dei viktigaste sidene ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova i kystsona. Dette omfattar all kystsoneplanlegging frå regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar til dispensasjons-saker.

Rapporten går særleg inn på endringane etter ny plan- og bygningslov frå 2009 og forvaltnings-reforma. Etter desse tildeler fylkeskommunane  akvakuturløyve, gjev motsegner og utarbeider konsekvensutgreiingar om akvakultur.   

Rapporten er og tenkt som oppslagsverk for dei som arbeider med plansaker ved regionkontora til Fiskeridirektoratet, og slik bidra til at kystsoneplanar vert handsama så godt det er råd.