Du er her:

Fiskeridirektoratets planforum

Oppdatert: 17.11.2017

Fiskeridirektoratets planforum set fokus på prinsipielle spørsmål innan marin arealforvalting.

Målgruppa for samlingane i Fiskeridirektoratets planforum er både tilsette ved regionkontora i Fiskeridirektoratet som har hovudarbeidet sitt innan marin arealforvaltning og kystsoneplanlegging, og tilsette ved fylkeskommunane som arbeider med planretta akvakulturforvalting.

I tillegg kjem innbodne gjester frå departement, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og andre relevante etatar.

Fiskeridirektoratets planforum vart oppretta hausten 2006, og har sidan hatt samling kvar haust. Arealseksjonen i Fiskeridirektoratet arrangerer og leier forumet.