Du er her:

Tips oss på 03415

Fiskeridirektoratets beredskaps- og tipstelefon 03415 er bemanna heile døgeret. Her kan du ringe inn tips og beredskapsmeldingar om fiskerikriminalitet, rømt oppdrettsfisk, unormal fiskedød, ilanddrevne sjøpattedyr og skadelege alger og manetar som trugar anna liv i havet.

Ved at du varslar oss tidleg vil vi raskare kunne ta grep og dermed redusere eventuelle skader på fisk, sjøpattedyr og miljøet. Fiskeridirektoratet samarbeider med ei rekkje andre etatar for ei bærekraftig forvaltning av liv og natur på kysten og på havet. Hjelp frå publikum vil bidra til å gjere forvaltninga av norsk natur endå betre.