Du er her:

Personvern og «cookies»

Oppdatert: 21.04.2015

For at Fiskeridirektoratet skal kunne tilby så gode og brukarvennlege nettsider som mogleg, har vi behov for å vite litt om brukarmønsteret til dei som besøkjer fiskeridir.no. Dette gjer vi gjennom bruk av informasjonskapslar («cookies»).

Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren, slik at nettstaden kan kjenne att datamaskina til brukaren.

For å analysere informasjonen vi hentar inn, brukar vi analyseverktøyet Google Analytics. Med Google Analytics kan vi hente statistikk over brukaråtferd på fiskeridir.no, som vi brukar for å gjere nettsidene våre betre for deg som besøkjer oss på nett.

Informasjonen vi samlar inn er IP-adresser, kva for ein type nettlesar du bruker, breibandsleverandørar (ISP), operativsystem, dato og tid for besøk, og ein del data om navigasjon på fiskeridir.no.

Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg. Informasjonen vil berre bli brukt internt i Fiskeridirektoratet.

Ved å bruke fiskeridir.no samtykkjer du til at vi kan setje infomasjonskapslar i nettlesaren din. Fortsett å bruke heimesida vår som normalt om du godtar dette.

Avvise bruk av cookies

Dei fleste nettlesarar (Internet Explorer, Google Chrome, Firefox, Safari, Opera etc.) er innstilt på å akseptere cookies automatisk, men du kan sjølv velge å avvise bruken av informasjonskapslar på maskina di ved å justere innstillingane i nettlesaren din. Dersom du gjer dette, vil du kanskje ikkje vere i stand til å nytte all funksjonaliteten til nettstaden.

Slik kan du slette informasjonskapslar/cookies i nettlesaren din

Google Chrome

Internet Explorer

Mozilla Firefox

Apple Safari

Opera

Dersom du bruker ein nettlesar eller versjon som ikkje er lista opp her, går du til brukarstøtta for nettlesaren for å finne dei aktuelle instruksjonane, eller klikk på «Hjelp»-funksjonen i nettlesaren.